Gry Ingvild agjeld og Nils Magne Gjengedal representerte fylkeslagt i årsmøtet.  Deira tilbakemelding syner god aktivitet i Fusa siste året: 

Fusa bondelag er eit aktivt lag, og leiar kunne lese opp ei fyldig årsmelding også i år. Laget har vore representert ved leiar og nestleiar på ekstraordinært årsmøte for Hordaland bondelag, på skipingsmøte for Vestland bondelag, på regionmøte og på årsmøtet til Vestland bondelag. Det vart skipa til digital studiering i samband med landbruksforhandlingane. Det var og deltaking i #bli med og dyrk landet#-kampanjen i slutten av mai. Der det var besøk i Eikelandsosen og Strandvik barnehager. Desse fekk frø, pallekarmar og jord, og ei innføring i korleis så og plante. Hålandsdalen barnehage fekk og utdelt frø og jord. Som aktivitet før Stortingsvalet vart det delt ut Landbruksløftet-brosjyrer til politikarane i Fusa. 

God stemning kring bordet i Fusa

Det er gitt uttale i mange viktige saker for Fusa bondelag. Uttale i samband med vedtak kring næring-og miljøtiltak i skogbruket. Ei viktig prinsippsak der planen var sendt til vedtak utan at landbruksorganisasjonane har fått uttale seg. I saksutgreiinga stod det at den var utarbeidd i dialog med lokallaga, men verken skogeigarlag eller bondelag hadde sett planen. Det vart gitt innspel til jordbruksforhandlingane, uttale i samband med ny SMIL-strategi. Lars Inge er med i styringsgruppa for Strategisk næringsplan for Bjørnafjorden. Det har vore jobba aktivt for at Fusa bondelag skal verte invitert med i utval og planarbeid som er viktige for landbruket i Fusa. Medlemskap i Bjørnafjorden Næringsråd kan ha vore med og virka positivt til at bondelaget no er invitert med.

Fusa Bondelag aksjonerte i samband med brot i jordbruksforhandlingane 7. mai. Det vart satt opp strategisk plassert plakat med teksta: #Bøndene vil- Staten sit still#. Denne stod oppe heilt til vegvesenet truga med bot. I tillegg stod ei dyrekasse plassert godt synleg med bodskapane: Du treng mat i morgon, Bevar vestlandsjordbruket og La ikkje Norge gro att. Det vart klistra merkelapper med Et norsk- helsing den norske bonden på matvarer på to lokale matbutikkar.    Det vart og arrangert plastinnsamling i slutten av mai. 

Mykje god norsk mat og drikke på bordet i Fusa

Arbeidsplanen for komande år er og fyldig og god. Der styret har lagt opp til god aktivitet både for styret og for medlemmane.  Styret arbeidar mykje for å halde seg oppdatert i høve det som skjer i kommunen som er viktig for bondelaget, og ønskjer å halde fram med dette arbeidet.  Det er lagt opp til deltaking i dei samlingane som er for lokallaga i regi av fylkeslaget, dei vil delta på ulike akjonar og kampanjer gjennom året, og vil sette fokus på medlemsverving.

Det var stor interesse for sakene som vart tekne opp frå fylkeslaget sine representantar og gode diskusjonar. Prioriterte saker for bondelaget, resultat av bondelaget sitt arbeid i år, stortingsvalet, regjeringsplattforma, lokallagsarbeidet, medlemsverving var tema som forsamlinga var innom.