Leiaren i Norges Bondelag takka for innsatsen som heile organisasjonen har gjort gjennom sommaren fram til valet.  Stikkord i bodskapen i frå jordbruket gjennom sommaren var samla i:

  • Landbruksløftet
    • Inntektsløftet
    • Investeringspakke utanom jordbruksavtalen for å forsert ombygging frå bås til lausdrift

Gimming peika vidare på Hurdalsplattformen som eit godt utgangspunkt for ein snuoperasjon for norsk landbruk.  I den finn vi det sterkaste inntektsmålet i ein regjeringsplattform sidan 1970-talet. 

Tilleggsproposisjon til Statsbudsjettet for 2022 er starten på ein naudsynt kursendring

Gimming peika på følgjande element i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet som starten på ei kursendring for landbruket :

  • Tilleggsforhandlingar med kostnadskompensasjon på 754 millionar til næringa
  • Investeringspakke på 200 millionar utanfor jordbruksoppgjeret
  • Auka jordbruksfrådrag

Bjørn Gimming er leiar i Norges Bondelag.  Leiarmøtet i Vestland Bondelag set pris på å få besøk av leiaren.

Andre tema som leiaren i Norges Bondelag kom inn på var:

  • Gryttenutvalet - fagutval som ser på inntektsdanninga i landbruket,  Skal levere rapport i juli 2022 for korleis få til eit system som er eigna til å måle på nivå.  Krevande arbeid, men viktig at det vert system som kan stå seg over tid. 
  • Kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper med tetting av inntektsgap opp på der
  • Kva skjer når det kjem meir pengar inn i næringa?  "Klarar du å la hammaren ligge slik at løna gå opp?"
  • Investeringsverkemiddel - skuffa over SV som nok ein gong skyv investeringane attende til jordbruksoppgjeret.  Skal vi få med dei små og mellomstore bruka framover treng vi meir midlar til investering.
  • Bruke importvernet - styrke bonden si stilling i verdikjeden
    • Val mellom prosenttoll og kronetoll
    • Må for all del unngå eit svekka importvern
  • Følgje opp framlegg frå handsaminga av daglegvaremeldinga
  • Gje innspel til regjeringa si melding om marknadsmakt
  • Prosjekt Inntektsvekst
  • Samhandling i heile Norges Bondelag med solid jobbing over tid
  • Tørre å spørje nye medlemer

Kring 55 representantar frå lokallaga i Vestland, fylkesstyret og gjester frå Norges Bondelag sentralt er samla til leiarmøte i Sogndal.