Nordre Gulen Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag hadde felles årsmøte og vedtok å slå seg saman. Masfjorden Bondelag gjekk inn i Gulen og Masfjorden Bondelag etter fylkessamanslåinga, så no er det tre lag som har blitt til eitt. Leiar i det nye Gulen og Masfjorden Bondelag er Normann Grimen.

Olav Myhr møtte for fylkeslaget. - Det vart ein god diskusjon rundt aktuelle tema og utfordringer, seier Olav, til dømes revidering av gjødselvareforskrifta. 

Dei som møtte fram gav uttrykk for at det var kjekt å treffast fysisk igjen. Det nye lokallaget ynskjer å prioritere aktiviteter med vekt på det sosiale framover.