Knut Tore er leiar i Eid Bondelag som er eitt av 4 lag i Stadt kommune.  Eid Bondelag sine tre mål for lokallagsarbeidet:

  • Alle medlemer i lokallaget skal vere med på minst ein aktivitet i året
  • Landbruksnæringa i Eid Bondelag skal verte oppfatta som ei viktig næring i kommunen til liks med andre næringar i kommunen
  • Barn og unge som vekst opp i Eid skal vite kva landbruket i Eid er  og kva moglegheiter som fint i næringa

- Det er heilt sjølvsagt at vi i Bondelaget skal delta i Stadt næringsutvikling.   Vi står mykje sterkare ved å kjenne andre næringar i kommunen og vere synlege, held Nes Hjelle fram.   Slik vert det sjølvsagt å invitere det lokale Bondelaget inn når det kjem gjester til kommunen eller når viktige saker skal avgjerast.

- Å ha god dialog med skulane- og barnehagane i kommunen er også viktig.  Det er kjekt for ungane, men det er også kjekt for oss bøndene som får vere med på det, avsluttar Knut Tore Nes Hjelle.

Døme på aktivitetar som Eid Bondelag har gjennomført