No er det på tide å utvikle "grunnpilarane" snakke opp dei moglegheitene som ligg i næringa.  - Vestland betyr noko i matproduksjonen!, held Felde fram.   Vestlandsbonden er viktig for at vi skal oppretthalde norsk sjølvforsyninga.  Samlar vi mykje av matproduksjonen i få område vert vi svært sårbare.  VI MÅ HEIE PÅ DEN SPREIDDE MATPRODUKSJONEN i heile landet. 

VI må betre verkemiddelbruken for kvart einskild prosjekt innan investeringsverkemidlane. Utan ei slik styrking av regelverket STOPPAR investeringane i Vestland.  Investeringsmoglegheitene er naudsynte for å kunne gje framtidstru.    SV må rette og slett betre sitt framlegg til Statsbudsjett.  Dei omfordelar midlar, mellom anna ved å flytte midlar frå vestlandsskogbruket si drift i bratt areal til Bionova.   Bionova er positivt, men ikkje omfordelinga av midlar.  Viljen til satsing på klimatiltak i landbruket må styrkast, men ikkje ved å svekke gode eksisterande ordningar. 

- Vi må tene pengar i framtida.  Utan pengar i lommeboka vert det heller ikkje norsk produksjon.  Vi kan ikkje ha norske bønder i reklamefilmar på TV,  samstundes som daglegvarekjedene legg til rette i butikk for at forbrukaren skal velje importprodukt.  Det er ikkje haldbart!

Da stod ikkje på engasjementet då fylkesleiar Anders Felde innleia til leiarmøtet i Vestland Bondelag

Norsk landbruk må rammast inn

Vi må drøfte tiltak som gjer at vi har ein marknad i balanse.   - Eg har ikkje trua på kvotar, men på andre verkemiddel som styrkar inntekt utan å vere produksjonsdrivande, sa mellom anna Felde.   Hinder som kan stoppe nyetableringar må drøftast med politikarane.  Vi må tore å tenke nye grep for å balansere ein marknad.  

Kostnadsvekst må kompenserast og inntektene må løftast allereie i jordbruksoppgjeret til våren.  Vi må starte på jobben med å tette inntektsgapet no avslutta ein tydeleg fylkesleiar.