Årsmøtet i Gaular Bondelag vart gjennomført på Tønna i Bygstad og det møtte i underkant av 30 medlemer.  Lokallaget har, trass i pandemi, vore aktive  deltakarar i markeringane ved brotet i jordbruksforhandlingane og i politiske saker i kommunen.   Dei ynskjer også å halde fram med skuleprodsjektet retta mot 8. klasse i grunnskulen. 

 

Leiar Margun Myrmel Øren

 

Etterlyser hjelp til å følgje opp kommunale planer 

Sunnfjord kommune er ein stor kommune, der fire tidlegare kommunar er slegne saman til ein kommune.   Sunnfjord er den største landbrukskommunen i Vestland.   Det medfører svært mange nye kommunale planer som det er viktig for landbruket å setje seg inn i og kome med innspel til.  Leiaren i Gaular Bondelag gjev uttrykk for at dette er tidkrevjane og kunnskapskrevjande.   Ho ettterlyste meir hjelp frå fylkeslegat til å kunne følgje opp alle planene.  Nett no handlar det om den nye kommuneplanen sin samfunnsdel.   Der vert det viktig å sikre opning for spreidd busetnad i distrikta.  Må også få med eit avsnitt om jordvern og massehandtering. 

Takk for innsatsen i styret til Audun Bringeland og Nils Arve Aase Styve som går ut av styret.

Margun Myrmel Øren t.v. saman med medlemer i styret ,Kjell Åge Birkeland, Britt Siri Leversund Hauken, Elisabeth Solheim Brekke (ny) Rune Espeland (ny) og ytterst til høgre Kjell Fauske