Lokallaget har god dialog med kommunen og engasjerer seg i saker som vedkjem næringsutvikling og grøn omstilling i kommunen.  Laget har kome med innspel til kommunen i sak som vedkjem styrking av den veterinærtenesta.  Noko som gav positivt vedtak med ei auking i løyvinga..  Lokallaget, er som mange andre lokallag i fylket, opptekne av å finne ei løpysing for handtering av landbruksplasten.  Saka er ikkje løyst, og lokallaget har dialog med kommunen på korleis dette skal kunne løysast. 

Deler av møtelyden på årsmøtet i Osterøy Bondelag

Den store saka i årsmøtet var kva lokallaget skulle gjere med tomta på 9 dekar som det lokale Bondelaget eig.  Eigedommen vert mellom anna nytta som oppsamlingsstad for puljelevering av sau og lam.  Det vart sett fram 2 framlegg i møtet.  Det vart gjort vedtak om at Osterøy Sau og Geit overtek tomta under føresetnad av at styra i det lokale Bondelaget og lokallaget av Sau og geit vert samde om vilkåra for overdraginga. 

Vidare var både medlemskontingent, kvardagsbondelaget si evne til å hjelpe når einskildmedlemer slit og landbrukspolitikk med fokus på struktur og geografi på agendaen.  - Ein mangfaldig kveld med gode innspel og diskusjonar, oppsummerer Ole Bjarne Hovland som var glad for å få møte medlemer i nye lokallag for han  Hovland ynskjer den unge leiaren og styret i Osterøy Bondelag lukke til med eit nytt arbeidsår. 

Unge, blide tillitsvalde i Osterøy Bondelag f.v. Øystein Njåstad, Asgeir Presttun og Torstein Skjerping

Osterøy Bondelag tel 139 medlemer og årsmøtet vart skipa til i Hauge Ungdomshus.  Asgeir Presttun har med seg følgjande medlemer i styret: Øystein Njåstad, Eileen Aasheim, Gerd Kain Njåstad.  Torstein Skjerping er 1. vara.