Kjersti var utsending frå fylkeslaget då Jondal Bondelag hadde årsmøte 10. november. Det var åtte medlemer på årsmøtet, som så mange andre lag slit dei litt med rekrutering. Korleis vi kan rekrutere nye bønder og avløysarar til yrket vart også eit tema på møtet.

Dei som var med på årsmøtet hadde gode diskusjonar om mellom anna auka målpris på mjelk, styrka importvern, dyrevelferdsindikatoren og klimakalkulatoren.

Jondalsbøndene var opptatt av kvoteproblematikken og meinte at kvotane må brukast på aktive bønder. - Vi må ta tak og rydda opp i kvoteproblematikken no framover, var beskjeden frå årsmøtet. Vi må få med alle mjelkeprodusentar og leggja til rette med kvotar og tilskot for dei som vil satsa, slik det vert økonomisk interessa for å kunne gå over frå bås til lausdrift.

Styret 2021-2022

Leiar: Knut Flatebø

Styremedlem: Brynjar Joakimsen 

Syremedlem: Helge Arne Espeland

Styremedlem: Hans Sigurd Galtung

Kasserar: Hans Olav Flatebø Gausvik

Vara : Terje Grøtt