Det var godt oppmøte frå dei fleste laga då Omvikdalen Bondelag, Uskedalen Bondelag, Ølve og Hatlestrand Bondelag og Halsnøy Bondelag samla seg på Rosendal Fjordhotel. Fylkesleiar Anders Felde heldt eit engasjerande innlegg der framtida for jordbruket i Kvinnherad var eit sentralt tema.

Etter ein enkel serverring hadde Omvikdalen Bondelag og Uskedalen Bondelag årsmøte kvar for seg. I Omvikdalen Bondelag tok heile styret attval, medan Uskedalen Bondelag fekk ny leiar. Lars Haugland vart takka av og Stian Haugland tok over vervet. Eirin Kjærland vart nytt medlem av styret.

Dagen etter årsmøtet tok Anders Felde turen ut til Ølve og Hatlestrand Bondelag. Medlemene møtte opp hos Tore Vikane, og her var hovudtemaet framtida for mjølkebønder og landbruket. Anders rakk også eit gardsbesøk hos Lars Haugland og sonen Øystein i Uskedalen og hos Geir Hellend på Husnes før han dro vidare til Vossestrand Bondelag.

Det var også tid til eit møte med landbrukskontoret i Kvinnherad.

Øyvind Sandvik, leiar i Omvikdalen Bondelag

Ny leiar i Uskedalen Bondelag, Stian Haugland og Anders Felde

Gardsbesøk hos Tore Vikane i Ølve

Gardsbesøk hos Geir Helland

Gardsbesøk hos Lars og Øystein Haugland

Anders og Maria frå fylkeskontoret på besøk hos landbruksavdelinga i Kvinnherad kommune.