- Veldig kjekt å kunne samlast og treffe folk igjen, det var igrunn svaret frå både kurshaldarane og deltakarane vi snakka med under temadagen og skattekurset i Sogndal. 

På temadagen var det kring 30 deltakarar som vart losa gjennom temaet rettslære, kvitvasking og GDPR av Gry Skålnes og Rune Martinsen frå Økonomiforbundet. Kurshaldarane var godt fornøgd med dagen då dei forlot forsamlinga for å fly tilbake til Oslo.

Martin Johnsbråten og Marta Melby var kursleiarar på skettekurset. 

På skattekurset var det nærare 70 deltakarar. Her var det Marta Melby og Martin Johnsbråten frå Norges Bondelag som var kursleiarar. Det var to innhaldsrike dagar for kursdeltakarane, og i pausane kunne dei nyte haustsola i Sogndal.