Tal jerv må reduserast kraftig

- På vegne av beitebrukarane i Indre Sogn er det svært skuffande at Statens Naturoppsyn (SNO) ikkje har fått i oppdrag å felle jerv i Vestland og i Breheimen, skriv styremedlem og rovviltpolitisk talsperson i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld i eit lesarinnlegg.
Tapstala i 2021 syner at det ikkje finst anna løysing enn å redusere bestanden i dette området! Reportasjen i Sogn Avis 22. november synleggjer tydeleg kva konsekvensane vert når tal jerv i Norge og i Innlandet ligg skyhøgt over måltalet. Lidingane for dyra og dei psykiske påkjenningane for beitebrukarane er uhaldbare !
Vi oppmodar Miljødirektoratet om straks å auke tal oppdrag til SNO samt utvide område for felling av jerv til også å gjelde områda i Indre Sogn. Dei førebelse tala i søknadene om erstatning grunna tap til jerv syner at tapa i Indre Sogn er rekordhøge i 2021. Vi snakkar om fleire hundre lam og sau som er tekne av jerv sist beitesommar i BEITEPRIORITERT område. Det er ein uhaldbar situasjon! Særleg for beitebrukarane i Luster kommune. Det siste året er det dokumentert 33 kadaver i Rovbase i Region 1 med årsak «sau skadet av jerv». Når det dokumenterte tapet er så høgt, veit vi at det reelle tapet dessverre er skyhøgt, slik erstatningssøknadene vitnar om. I 2020 var talet dokumenterte 9. Det går raskt i feil retning. Viss det ikkje skjer eit betydeleg uttak av jerv i desse fjellområde før beitesesongen 2022 vil det bli ein varsla katastrofe.
DNA prøver som syner mange yngre tisper i området er dokumentasjon på dette. Det finst berre ei løysing. Bestanden av jerv må reduserast kraftig i heile Breheimen og Luster skal vi unngå nye blodbad i fjellheimen i indre Sogn sommaren 2022, avsluttar ei svært tydeleg Agjeld i lesarinnlegget.
Det er ingen veg utanom - tal jerv i Breheimen og Vestland må reduserast kraftig før komande beitesesong