Håpar fleire søker midlar til bygging av lausdriftsfjøs
Lausdriftskravet trer i kraft i 2034, no håpar fylkesleiar Anders Felde fleire søker midlar til bygging av lausdriftsfjøs.
Lausdriftskravet trer i kraft i 2034, no håpar fylkesleiar Anders Felde fleire søker midlar til bygging av lausdriftsfjøs.
I Inneverande veke 27 frå torsdag 7. juli og veke 29 og 30 har alle tilsette sommarferie. Elles vil det vere tilsette på jobb i sommar. Om det oppstår noko akutt i desse to vekene kan de kontakte organisasjonssjef Lars Peter Taule på tlf 90858555, eller de kan ringe medlemssenteret 22 05 45 02.
Fredag 8.juli arrangerte Gloppen Bondelag medlemsfest i Karnilstunet. Der sto både grillmat, og dans på programmet.
- Kast ikkje boksar og søppel i naturen, seier fylkesleiar Anders Felde i Vestland Bondelag
Norges Bondelag oppmodar alle om å dele bilete av norsk mat og det den norske bonden produserer i sommar. Bruk #spisnorsk og #norgetrengerbonden i sosiale media
- Eg vil på vegne av Vestland Bondelag få ynskje dei 140 eigarane av Sogn Frukt og Grønt til lukke med ei framtidsretta og naudsynt investering i nytt pakkeri på Håbakken i Lærdal, sa Fylkesleiar Anders Felde
Vi har fått spørsmål frå medlemer om kva for reglar som gjeld når kommunen eller idrettslag vil setje opp til dømes stolpar for stolpejakt på deira eigedom. Her kan du sjå svar frå juridisk avdeling i Bondelaget.
Vestland Bondelag har fått spørsmål frå medlemer om kva for reglar som gjeld dersom dyr på beite forårsaker skade. Juridisk avdeling i Bondelaget har sendt oss eit svar du kan lese her.
- Det er positivt at departementet "snur alle steinar" for å utvide verktykassa som kan gjere lisensjakta på jerv meir effektiv, seier styremedlem Gry Ingvild Agjeld.
Mange beitebrukarar er urolege for beitesesongen grunna melding sist veke om at Smartbjølla er konkurs
Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi viser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i Vestland utan å redusere matproduksjonen.
Fylkestinget i Vestland vedtok i går å løyve 10 millionar kroner til bygging av lausdriftsfjøs.
Kommunar kan søke Miljødirektoratet om kvotefri avskyting av hjortekalv for jaktåret 2022/2023. No forventar Anders Felde at alle kommunane fylgjer opp, og søker.
Mandag kveld var det duket for en storslått feiring av det nordiske kjøkken, under utdelingen av matprisen Embla. Geitmyra Credo, Kvitnes Gård og Undredal Stølsysteri gikk helt til topps.
Fjaler og Hyllestad Bondelag har hatt ryddeakson saman med Øen Grendalag på Sørbøvågen.
- Det er ikkje utan verdi kvar veksten i grøntproduksjonen kjem sa Kari Sigrun Lysne til årsmøtet i Norges Bondelag
- Skal eg og alle dei andre som no vurderer kva dei skal bruke liva sine på velge jord, fjøs og matproduksjon er vi heilt avhengig av at den lova økonomiske jamstillinga faktisk vert gjennomført, sa utsending PederNernæs i sitt innlegg til årsmøtet i Norges Bondelag
- Me treng kvar ein mjølkeprodusent for både for produksjonene, fagmiljøa, beredskap og verdiskapinga i samfunnet, sa styremedlem i Vestland Bondelag, Kjersti Hjelmeland i sitt innlegg til årsmøtet i Norges Bondelag
Regjeringspartia og SV er samde om revidert nasjonalbudsjett. Der kjem det fram at dei skal vurdere overgang frå kronetoll til prosenttoll for ei rekke jordbruksvarer.
Det sa fylkesleiar Anders Felde etter Vestland Bondelag deltok i Pride-paraden i Førde laurdag 11.juni. Sjå glimt frå dagen her.
Bybonden i Bergen, Ida Kleppe, vert bonde på eigen gard og vi får ein ny Bybonde etter sommaren. Samstundes går prosjektet over i fast engasjement.
- Alle utfordringar i Norsk landbruk er ikkje løyst med årets avtale, men eg håpar fleirtalet på Stortinget respekterer hovudfokuset i år; kostnadsdekning for alle typar bruk, og inntekts løft for det store fleirtal av bønder, skriv fylkesleiar Anders Felde i eit lesarinnlegg i Nationen
Laurdag 11.juni er det Pride-parade i Førde. Vestland Bondelag gler seg til å delta.
Klimaprosjektet «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket» får si eiga nettside. I dag klokka 10 kan du klikke deg inn på www.klimavest.no og lese nyheiter og finne informasjon og motivasjon til klimaarbeidet på garden din.
Leiaren i Norges Bondelag deltok i opninga av det nye biogassanlegget på Stord, og nytta høvet til å treffe tillitsvalde frå lokallaga.
Applaus til Gaular Bondelag som har gjennomført gardsbesøk for 9.klasse ved Sande skule. Sjå glimt frå den vellukka dagen her.
Årsmøtet går føre seg 15.-16. juni på Lillehammer. Vestland Bondelag sender 13 utsendingar i tillegg til leiar, nestleiar og organisasjonssjef.
Rundt 600 besøkande var innom då Alversund og Seim Bondelag arrangerte Open Gard 22. mai.
- Partnerskapen for landbruket i Vestland har no opna opp for å handsame søknadar om investering fortlaupande uavhengig av produksjon, seier fylkesleiar Anders Felde
Takk til alle lokallaga som hjelper til med å samle inn og rydde plast og anna avfall. Her kan du sjå bilde frå Viksdalen Bondelag og Sveio Bondelag.
Mange av lokallaga har rydda plast og anna avfall denne våren. Her kan du sjå bilde frå Uskedalen Bondelag, Oppstryn Bondelag, Lærdal Bondelag og Voss Bondelag.
I Stardalen i Sunnfjord bur Marit Flatjord. Ei positiv dame, som set stor pris på det ho har.
Vi er bedne om å gjere medlemene våre kjende med at det i veke 21, 22 og veke 23 vert lågtfyking med helikopter i store deler av Sogn og Fjordane. det er selskapet Linja som skal ha inspeksjon av høgspentnettet.
Nortura, Tine, Felleskjøpet og Bondelaget besøkte i starten av mai elevar ved Sande skule og Skei skule. Målet var å informere om Samvirke, norsk matproduksjon, utdanning og karriere.
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har blitt einige med Staten om ei jordbruksavtale for 2022 og 2023.
I desse dagar har mange av lokallaga ryddedugnad og ryddar plast i elvar og på land før 17. mai. Selje og Stadlandet Bondelag hadde ein stor dugnad 7. mai.
Høgre, SV, Frp, Venstre, KrF, Raudt og MDG har kome til ei historisk semje om regulering av daglegvarehandelen.
På Egge i Våtedalen held Vidar Sandal til. Med 140-150 geiter har han travle, men gode dagar.
Ullensvang Hagebrukslaginviterer til teknikkdag laurdag 28. mai. Fleire maskinfirma er påmelde, og vil visa fram traktorar og maskiner både for fruktdyrking og grasproduksjon i krevjande terreng.
Plast frå landbruket skal ikkje forureine. Det er bonden sitt ansvar å handtere plasten på ein god måte på garden.
Tema for årets matfestival i Bergen er frå jord/sjø til bord. Målet er at Bergen og Vestland skal bli Norges gastronomiske metropol! Vestland Bondelag er med i ei arbeidsgruppe som skal lage Ung Matfest.
- Den norske bonden har over tid hatt lågare inntektsvekst enn andre grupper i arbeidslivet i tillegg til at landbruket no opplever ein kostnadsvekst langt utover det normale. Dette tilseier at vilkåra for landbruket og bøndene våre må styrkast, slik at dei sikrar auka norsk matproduksjon og ei løn å leva av, skriv Voss Heradsstyre innleiingsvis i brev adressert til Landbruks- og Matdepartementet og næringskomiteen på Stortinget.
Deler av fylkesstyret vårt stilte sporty opp å laga film om landbruksplast - snurr film.
I går fekk jordbruksorganisasjonane staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, sjå fylkesleiar Anders Felde kommentere tilbodet her.
Torsdag 5.mai la Staten fram sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Skilnaden er på 2,7 mrd.kr mellom jordbruket sitt krav, og staten sitt tilbod.
- Mat og prat er ein god kombinasjon, seier leiar i Omvikdalen Bondelag, Øyvind Sandvik i ein kommentar til kvifor dei tidleg i april inviterte varaordføraren og ordføraren i Kvinnherad til ein prat kring lunsjbordet.
Leiar i Jostedal Bondelag, John G. Sperle, har hatt besøk av elevar som laga film til entreprenørskapsmessa i Luster. Her kan du sjå det fine intervjuet om bondeyrket.
Etter to års pause kunne Fusa Bondelag endeleg invitere 4. klassingane til å vere bonde for ein dag.