LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Det er strålande at fylkeskommunen syner vilje til å støtte bøndene i overgangen frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. Dette viser at vi har ein fylkeskommune som bidreg i forhold til det som er den største utfordringa for heile landbruket i Vestland.

Det fortel ein glad Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Frå 2034 skal alle storfe vere i lausdriftsfjøsar.

- Den enorme prisveksten siste året har ført til at få bønder har søkt støtte til nybygging av fjøs.

I Vestland fylke driv framleis knappe 700 bønder i båsfjøsar, difor kjem løyvingane frå fylkeskommunen godt med. Ordninga fylkeskommunen har vedteke blir ei toppfinansiering på IBU- midlane (Investerings- og bedriftsutviklingsmidlane), og målet er at midlane skal brukast opp i 2022.

- Dette bidreg til at fleire kan realisere fjøsprosjekta sine og forhåpentlegvis vil fleire søke midlar i 2022.

 

Vedtaket frå fylkeskommunen

 

Håpar mange tek steget å bygger om til lausdrift

- Vestland Bondelag set stor pris på at fylkeskommunen bidreg. Bøndene som no investerer har svakast økonomi, og vert verst råka av rentehevingane i tida framover difor er det gledeleg at fylkeskommunen støttar opp, og løyver ekstra midlar.

Felde fortel at dette skapar framtidstru i mjølkeproduksjonen, og at mjølkeproduksjonen er sjølve bærebjelken i Vestlandslandbruket og utgjer over 50% av verdiskapinga innan landbruk.

- Vi ynskjer eit aktivt landbruk i heile Vestland. Mjølkeproduksjonen er heilt avgjerande for både verdiskapinga og arealbruken hjå oss.

Ifylgje bondelagsleiaren vil detaljane kring ordninga bli vedteken av partnarskapen 28.juni.