Fylkesleiaren var ikkje åleine om å vere imponert over kva medlemene i pakkeriet gjennom samarbeid, kreativitet og godt leiarskap har fått til på eitt år.  Samla i Lærdal sist fredag var mellom andre Statsråd i Landbruks- og matdepartementet Sandra Borch, statssekretær i Klima- og Miljødepartementet Aleksander Øren Heen, Fylkesordførar Jon Askeland, ordførarar i Lærdal og varaordførar i Sogndal, representantar for Statsforvalter, Innovasjon Norge, Sparebanken Sogn og Fjordane, generalsektretær i Norges Bondelag og eit utal andre støttespelarar som heiar på det Sogningane har fått til. 

Statsråd Sandra Borch t..v. opna anlegget på ulikt vis både ved å plante tre og ved å klippe snor.  Ho helsa Sogn Frukt og Grønt til lukke med ei framtidsretta investering for satsing på grønt i distrikta.  Det gjorde også genralsekretær i Norges Bondelag, Sigrid Hjørnegård (t.h.)

 

Saman med ordførar i Lærdal, Audun Mo og fylkesordførar Jon Askeland fekk Statsråden jordsett morelletreet i Hagen utanfor det nye flotte pakkeriet.

 

Hektisk dag for styreleiar i Sogn Frukt og Grønt; Endre Kleiveland, men han losa alle gjestene gjennom opninga med glans. 

 

Ingen plan B

- Vi hadde ingen plan B, sa Richard Lysne som er produsent, og som har vore produsentane sin leiar for arbeidet med sjølve bygginga av bygget.  Då måtte vi berre verte ferdig til Potetsesongen 2022, og det klarte vi.  Difor er eg glad, letta og svært stolt over det vi har fått til saman med kommunen, arkitektar, dyktige entrepenørar, rørleggar, snekkar, elektrikar, maskinleverandørar, finansieringskjelder m.fl.  Nøkkelen er samarbeid og dialog, slik den også er og vil vere for oss 140 produsentane som er eigarar.

Produsent Richard Lysne i produksjonshallen med den nye moderne morellemaskina i bakgrunnen

 

Sognasmak

I same bygget som pakkeriet, men i den delen som vender ut mot Europavegen ligg Felleskjøpet si avdeleing i Lærdal og den nye fantastisk flotte butikken til Sognasmak.

Reiser du E16 eller om du kjem frå Aurland så NØL ikkje.   DU må berre stoppe innom og handle i den nye flotte butikken til Sognasmak på Håbakken.  Vareutvalet var flott allereie på opningsdagen.  Eit fantastisk utval som syner kva Sogn har å by på.  Styreleiar Tor Yttri var ikkje lite stolt på opningsdagen.  Han var samstundes tydeleg på at utan Kari Sigrun Lysne og Ivar Petter Grøtte ville ikkje butikken kome opp og gå slik den synte seg fram den fine fredagen.  Ta turen innom.

Kari Sigrun Lysne held styr på helsingslista. Då er det kjekt med skikkeleg butikkdisk.

Avslutta med fagseminar

Etter opning og god lunsj med grilla kjøt frå lokalmatprodusent Vikja var det tid for å krysse E16 og ha fagseminar med ulike tema i ungdomshuset på den sida av vegen.  På agendaen stod sjølvsagt marknadsmoglegheitene for grøntsektoren, men også tema som hjorteforvaltning, CWD og rovvilt.  Dette då både Statssekretæren i Klima- og Miljødepartementet og Statsråden i Landbruks- og Matdepartementet var til stades heile dagen.  Noko som vert sett stor pris på.   Det fall seg då naturleg å ha faglege tema der forvaltninga er delt mellom Landbruks- og Matdepartementet og Klima- og Miljødepartementet.

Statssekretær Aleksander Øren Heen var første innleiar på fagseminaret.  Han tok føre seg breidda i arbeidet til Klima- og Miljødepartementet.

 

Produsent Harald Blaaflat Mundal utfordra både Gartnerhallen og BAMA på marknadssituasjonen og distriktsgrønt sitt rettmessige ynskje om å produsere sin del av veksten.   Det er heilt avgjerande at produsentane i distrikta får vere med på veksten slik at ikkje produksjonen vert sentralisert i same tempo som vi ser i dag.  Han var også oppteken av mangelen på godkjende plantevernmiddel.  Det er dramatisk og NOKO må gjerast for å sikre effektive middel mot skadegjerarar som i vertse fall kan sette sluttstrek for nokon produksjonar.

 

Fylkesleiar i Vestland Bondelag sette fokus på den altfor store hjortestammen, medan tilsett ved kontoret i Førde, Merete Støfring, gav regjeringa positive ord for retningsendringa ein ser i forvaltninga av jerv, MEN vi er ikkje i mål. 

Da gode humøret og da gode veret prega denne fine fredagen i Lærdal.  F.v. Kari Sigrun Lysne, Statssekretær i Klima- og Miljødepartementet Aleksander Øren Heen, Statsråd i Landbruks- og Matdepartementet Sandra Borch og fylkesordførar Jon Askeland. 

Då er det berre å ynskje lukke til med utviklinga på den einskilde gard og utviklinga av Sogn Frukt og Grønt som gjennom sitt samvirkeføretak gjev kvar bonde sterkare musklar i marknaden.