Juridisk avdeling svarar at eigar av dyr på beite ikkje har eit objektivt ansvar for skade som dyr kan påføre personar, telt og andre eigedelar. Sjå friluftsloven § 9 femte ledd: "Telting og ferdsel må skje på eget ansvar for skade som dyr kan påføre personer, telt og andre eiendeler." Det gjeld både inn- og utmarksbeite.

Dersom dyreeigar ikkje har opptredd aktsamt, kan han/ho likevel verte erstatningsansvarleg. Det vil i denne samanhengen innebere at han eller ho handlar i strid med det ein alminneleg, fornuftig person ville gjere i ein tilsvarande situasjon. Dette vil til dømes kunne gjelde dersom eigar veit at kua er mannevond og likevel slepp den ut på beite nær ein kjent tursti.

Friluftsloven § 9 femte ledd inneberer ein innskrenkning av skadeerstatningsloven § 1-5 nr. 1. I denne loven står det at "Eier og innehaver av dyr plikter uansett skyld fra sin side å erstatte skade som dyret volder på person eller på klær eller andre vanlige bruksting mens noen har dem på seg." Dette gjeld ikkje dyr på beite med mindre dyreeigar ikkje har opptredd aksamt.

Men - Dyreeigar er erstatningsansvarleg - uavhengig av skyld - for skade som dyra gjer om dei kjem inn på andre sin eigedom der dyreeier ikkje har beiterett. Ansvaret kan berre verte lempa dersom den som eiger eigedomen er skyld i at dyra kjem inn der. Til dømes om det er han som skal halde gjerde og han ikkje gjer det. Dette følger av beitelova §§ 6 og 7.