Frå 1.april til og med 20.august er det generell bandtvang i Norge, noko som betyr at hundar skal haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda eller innestengt. Det vil sei at dersom du går tur med hunden din så skal hunden vere i band med mindre han er i jobb (gjetarhund, søkshund osv.). 

Det er ikkje berre på grunn av husdyr ute på beite at vi har ei lov om bandtvang i Norge. Lova gjeld for å verne både ville og tamme dyr samt fuglar, i ein periode der dei er litt ekstra sårbare. Ein laus hund kan skremme hjortekalven vekk frå kolla, den kan skremme fugleungar, eller den kan øydelegge reir og egg. For å unngå dette slik at årets avkom av ville dyr og fuglar skal ha ein betre sjanse til å vekse opp har vi difor ei lov om bandtvang. 

"Men hunden min er jo så snill!" seier og tenkjer mange. Hunden er sett på som eit familiemedlem og som menneskets beste ven. Men ikkje gløym at hunden er eit dyr med sine instinkt. Det ligg gjerne i hunden sin natur å snuse og undersøke, for somme rasar ligg det òg å jakte. Instinkta kan fort overstyre i forhold til å høyre på eigaren sine beskjedar. På lik linje vil ein sau med lam ha sine instinkt om å beskytte lamma sine og dermed opptre trugande overfor hunden. Veit du virkelig korleis hunden din vil reagere på slik åtferd? Vil han trekke seg unna eller vil han jage sauen for å vise at han er sjefen? So når du går på tur med hunden din, ver så snill å ha hunden i band og ta omsyn til omgivnadane de går på tur gjennom. På denne måten slepp ein å hamne i situasjonar som kan vere uheldige for både tamme og ville dyr, og hunden sjølv. 

God tur! 

Ynskjer du plakat for å minne om bandtvang? 

Last ned plakat frå menyen til høgre, skriv ut og heng opp. Kan anbefalast å laminere slik at dei tåler ein god Vestlands-sommar... :)