Landbrukets Økoløft er eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Debio, DebioInfo, Statsforvalteren, Norsk Landbruksrådgiving og Økologisk Norge.

Dei utvalde bøndene i Landbrukets Økoløft skal inspirere andre bønder og nye i næringa til å satse på økologisk produksjon. Det skal også påverke daglegvarekjeder, -butikkar og forbrukarar til å prioritere norskproduserte økologiske varer. I Vestland har vi Turid Haga Vange frå Vik i Sogn som produserar mjølk og kjøt, Lars Nå frå Hardanger som driv med plommer og eple og Katinka Kilian frå Ulvik som har grønsaker, urter, blomster og bær.

Gler meg til me finn mjølka vår i butikken

Turid Haga Vange gler seg til dei kan finne sin eigen mjølk i butikken. Vange Gard har vore økologisk sidan Turid var tre år. – No når fleire etterspør økologiske mjølkeprodukt, trur eg me snart finn att vår økomjølk frå Vestlandet i butikken, seier ho.

Tekst: Marit Grinaker Wright, Økologisk Norge. Bilde: Vange Gard

Turid Haga Vange. Foto: Vange gard

Med ei mjølkekvote på 300 tonn økologisk mjølk, 42 mjølkekyr og 16-20 økologiske slakteoksar er Vange Gard i Vik blant dei store gardane i Sogn. Dei slår om lag 400 mål med gras som blir til fôr i tårnsilo og om lag 30 tonn tørrhøy. 
– Me produserer økologisk mjølk og kjøt, rein og sunn mat, på ein bærekraftig måte, seier #Inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT, Turid Haga Vange.

Like store avlingar

– Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift? 
Det var foreldra mine, Kari Haga og Nils Vange, som byrja omlegginga til økologisk drift på garden i 1989. Då var eg 3 år gamal. Far min såg at avlingane var like store utan bruk av kunstgjødning, og med små born på garden var det også positivt å sleppa å sprøyta.

Tok over økodrift

Då eg tok over garden etter foreldra mine i 2013, hadde altso garden allereie vore driven økologisk i over 20 år. Det er ingen grunn for meg å legga om til konvensjonelt att når driftsopplegget fungera so godt som det gjer.

– Kan du fortelle litt om kva de produserer? 
Me produsera økologisk mjølk og kjøt. Me har dei siste åra auka frå 200 tonn til i dag 300 tonn mjølk. Rundt 5 tonn økologisk oksekjøt vert produsert frå Vange Gard kvart år, i tillegg til kuslakt.  Me prioritera å bruka utmarksressursane som høyrer til garden, og gir difor mjølkekyrne 3 månader sumarferie kvart år.

Gler meg til den dagen 

– Nokre utfordringar som økologisk drift byr på? 
Den største utfordringa for oss som driv med økologisk mjølkeproduksjon her på Vestlandet er at mjølka ikkje vert nytta som økologisk. Difor finn me ikkje att det økologiske produktet som me produsera som ei økologisk vare i butikken. Eg gler meg til den dagen kjem! For eg er sikker på den kjem, etterkvart som no fleire etterspør økologiske mjølkeprodukt.

Kyrne trivst ute 

– Noko ved økologisk drift som du tenker at konvensjonelle bønder ville hatt god nytte av? 
Kyrne beitar her heime frå midten av mai til midten av juli, medan dei framleis mjølkar seg i roboten. Denne produksjonen skjer med særs lite bruk at innkjøpt kraftfôr. Kyrne trivst med å vera ute, og dei har og valet om å gå inn for å mjølka seg eller kjøla seg ned på ekstra varme dagar.

Fjellferie

Frå midten av juli vert alle kyrne sina av (sluttar å mjølke) på likt og sende til fjells, der dei får sumarferie på saftige fjellbeite fram midten av september. Då vert kyr og ungdyr buføra heimatt over høgfjellet. Kyrne kalvar konsentrert på hausten frå 1.oktober.

Garden er og medeigar i eit lokalt, økologisk slakteri og foredlingsverksemd, Vikja AS, som ligg berre 500 meter frå garden. Her er det bonden sjølv som fylgjer dyra til slakt, dette for å minka stresset, auka dyrevelferda og sikra at kjøtkvaliteten blir heilt på topp.

Foto: Vange gard

Vange gard

Vange Gard i Vik i Sogn har vore i familien sidan Turid sin tipp-tipp oldefar kjøpte den i 1830. Garden var lagt om til økologisk i 1989 og Turid Haga Vange tok over i 2013. Med to årsverk driv dei økologisk mjølk- og kjøtproduksjon, med 300 tonn i mjølkekvote, 42 årskyr med fullt påsett og 16-20 slakteoksar.
Det er kun grasproduksjon på garden i dag. Alt kraftfôret er innkjøpt, for dei dyrkar ikkje proteinråvarer eller korn sjølv på garden. I beiteperioden går det lite kraftfôr, men i vinterhalvåret brukar dei naturleg nok meir. Kraftfôrbruken ligg på 25 kg kraftfôr/100kg EKM (energikorrigert mjølk).

Garden vert driven av Turid og mannen hennar, Joar Tistel, som deltek mykje i gardsdrifta på fritida. Dei har i tillegg to tilsette på garden. Ein av dei er Turid sin far, Nils Vange. - Han er den beste avløysaren eg kan få, for han kjenner naturleg nok garden betre enn meg etter å ha vore gardbrukar her i 40 år, seier Turid.

Produksjonen føregår i ein gamal driftsbygning som er ombygd og påbygd i mange omgangar. Alle dyr er i lausdrift. Eldste delen med lausdrift er i frå 1932. Siste påbygging var i 2011, då bygde dei til 42 mjølkekyr og sette inn mjølkerobot der mjølkegrava var før.

Les om dei andre inspirasjonsbøndene på nettsida til Økologisk Norge

Sjå Turid snakke om dyrevelferd i denne videoen: