No fell oppstart saman med starten på reinsjakta, og det vil kunne gje betre høve til felling av jerv i fjella.  - Vi har fleire døme på reinsjegerar som har sett jerv i samband med reinsjakta, men vore forhindra frå å felle jerven grunna at det har vore for tidleg i høve til oppstart 10. september, seier Agjeld. 

Lisensjakt krev registrering og grunneigar sitt løyve

Likevel er det ikkje berre å skyte jerven om du ser han.  Du må registrere deg som lisensjeger i jegerregisteret og du må ha grunneigar sitt løyve til å kunne felle jerv i det området du til dømes jaktar rein.  Vi i Bondelaget håpar at alle som skal på reinsjakt også registrerer seg som lisensjegerar, og at du som er grunneigar i dei aktuelle områda gjev løyve tll at lisensjakt på jerv kan skje på din eigedom.

Løyve til å felle 8 jerv i Region 1

Rovviltnemnda i region 1 har vedteke ein kvote på 8 jerv i den komande lisensjaktperioden som går frå 20. august til 15. februar 2023:  Rovviltnemnda opnar for lisensfelling av jerv.  Til saman kan det fellast 8 jervar i heile Region 1. Irregulær avgang eller skadefelling gjennomført etter nemnda/Miljødirektoratet sitt vedtak blir belasta kvoten.

Regjeringa gjev på si side ei grunngjeving for framskundinga av lisensjaktperioden for jerv

Sak på tema i Sogn Avis