Det spirar og gror i Hyllestad
I forbinding med #Vidyrkarlandet kampanjen har Fjaler og Hyllestad Bondelag vitja barnehagen og barneskulen i Hyllestad.
I forbinding med #Vidyrkarlandet kampanjen har Fjaler og Hyllestad Bondelag vitja barnehagen og barneskulen i Hyllestad.
- Dette er ein god dag for grøntnæringa i Sogn seier fylkesleiar Anders Felde i Vestland Bondelag.
I årets sommarkampanje skal vi setje søkelys på resultatet av bonden sitt arbeid. Målet er å vise folk at det dei ser gjennom rammene ikkje kjem av seg sjølv.
- At det er tomt for investeringsverkemidlar til landbruket før juni månad er over syner for alvor kor viktig det er å få auka løyvingane og samstundes betra finansieringsgrunnlag i kvart prosjekt, seier fylkesleiar Anders Felde
Vi dyrker landet er en del av jubileumsfeiringa til bondelaget, og Os Bondelag er eitt av lokallaga som har gjort det mogeleg for barnehagar å dyrke eigen mat i pallekarm.
- Det er viktig for oss å syne fram norsk svineproduksjon, seier Anders Felde i ein kommentar til at han i lag med mellom andre Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre vitja svineprodusent Sverre Sæterbø på Fitjar.
Vestland Bondelag har sendt innspel til fylkeskommunen om "plan for klimaplanen". Vi har bedt om å få vere med i det vidare arbeidet med ny regional plan for klima 2023–2035.
- Det er positivt at det kan bli enklare å få innreiseløyve for naudsynt arbeidskraft i landbruket, seier Kari Sigrun Lysne som er leiar i grøntutvalet i Vestland Bondelag.
I går besøkte Marte Mjøs Persen frå Arbeiderpartiet fjøset på Stend vgs for å lære meir om mjølkeproduksjonen i Vestland.
Kvart år deler Innovasjon Norge ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Er du eller veit du om ein kandidat til prisen?
På årsmøtet i Norges Bondelag vart Bodhild Fjelltveit frå Bergen attvald som 2. nestleiar i Norges Bondelag. Peder Nernæs frå Kvam kommune vart vald som 2. vara til styret.
I digitale møte er tidsvindauget mindre for replikkar, men nokon replikkar frå utsendingar frå Vestland vart det tid til i dagens møte
Tillit, rolleforståing og gjensidig respekt er avgjerande for den gode dialogen sa Statsråd Olaug Bollestad i møte med Norges Bondelag sitt årsmøte.
- I beiteprioritert område skal beitedyra ha prioritet, men for bøndene som driv med beitedyr er belastninga etter fleire år med tap til rovdyr no so stor at fleire ynskjer å leggja ned drifta også i dei beiteprioriterte områda. Slik skal de ikkje vere, sa ein tydeleg Ole Bjarne Hovland til årsmøtet i Norges Bondelag.
- Me meiner det er langt meir verdfullt for Norge med 5 gardsbruk og bønder i ei bygd, enn ein svært stor gard. Å vere fleire gjev tryggleik i kvardagen. Det gjev lys i husa og det gjev yrkesbrør å snakke med, sa nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus til årsmøtet i Norges Bondelag.
Utsendingane frå Vestland Bondelag er samla på Voss for å delta på Norges Bondelag sitt digitale årsmøte.
- Det er gledeleg at Statens Vegvesen no har eit mål om å ta unna køa for oppkøyring til førarkort for traktor før sommaren, seier seniorrådgjevar i Vestland Bondelag Merete Støfring
Fjaler og Hyllestad Bondelag arrangerte ryddeaksjon på Sørbøvågen i slutten av mai.
No brakar det laust med førsteslått rundt omkring i fylket, og då er det viktig å hugse på HMS.
- Nok ein gong forhandlar ei norsk regjering vekk marknadsmoglegheiter for norske bønder, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde
Det er juni, det er varmt, det går i gras, vatning og slått i vekas lokallagsprat.
Ei Vossakasse kan brukast til so mangt - i Kjølsdalen Bondelag var den nyttig reiskap i plast-ryddeaksjonen deira.
Uskedalen Bondelag plukka både plast over og under vassflata i årets plast-ryddeaksjon.
Veitastrond Bondelag inviterte små og store i bygda til ryddedugnad, og oppslutnaden var god seier leiar Jimmy Hilleren
Denne gongen har vi snakka med lokallagsleiarane i Omvikdalen Bondelag, Fjærland Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag.
Den 25. mai underteikna Renevo AS og bøndene i området avtalar om levering av husdyrgjødsel til biogassproduksjon og mottak biorest/biogjødsel frå biogassanlegget til bøndene.
I dag har advokatfirmaet Harris hatt eit miniseminar der grunneigarar får tips om kva dei kan gjere når eigedomen vert regulert til offentlege utbyggingsføremål. Her kan du sjå opptak av seminaret.
Breim Bondelag og bygdekvinnelaget i Breim har vore på plast-tokt i kommunen.
- Utstrakt bruk av "kipping" der tømmer må på og av bilen fleire gonger gjev redusert lønsemd i vestlandsskogbruket, seier fylkesleiar Anders Felde
Godt over tjue bønder og grunneigarar i Omvikdalen deltok i ryddeaksjonen. Talet på fulle bos-sekkar etter dugnaden viste at dette var ein fornuftig bruk av føremiddagen.
Midt i planlegging av aksjonar knytt til brot i jordbruksoppgjeret, fann Lærdølene tid til å rydde plast.
- Alltid kjekt når våren kjem, seier Yngve Fardal som er leiar i Høyanger Bondelag. Langs Sognefjorden kjem våren normalt tidleg.
Advokatfirmaet Harris har eit miniseminar for medlemer i Vestland Bondelag der temaet er regulering av privat eigedom til offentlege utbyggingsføremål. Det andre seminaret er om solcelleanlegg på garden, og er ope for alle.
Etter å ha måtte avlyste hingsteutstillinga på Nordfjordeid i 2020 er Norges Fjordhestlag svært glade for at dei kunne gjennomføre utstillinga i 2021. Pandemien sette grenser, men utstillinga vart gjennomført på ein god måte.
På veg mot Oslo stoppa traktoren på cruiseskipkaia i Flåm for ein prat med dei lokale bøndene om landbruket i Aurland kommune.
- Når vi ser det engasjementet som har vore i Vestland dei siste dagane, er det ikkje tvil om at mykje står på spel for ein framtidig norsk matproduksjon, seier ein audmjuk fylkesleiar Anders Felde
- Eg får seie som Pippi; dette har eg aldri gjort før så det kan sikkert gå bra, seier nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus.
- Avstanden var for stor mellom regjeringa si forståing av røynda og det inntektsløftet vi meiner er heilt naudsynt. Difor bryt vi, seier leiar i Vestland Bondelag Anders Felde.
Torsdag 6.mai er det duka for Bondetv, med innblikk i bonde-kvardagen rundt omkring i landet. Bli med du òg.
– Tilbodet frå regjeringa tek ikkje inn over seg den alvorlege økonomiske situasjon som distriktsjordbruket står oppe i seier leiar i vestland Bondelag Anders Felde
- Det er veldig kjekt å arrangere kurs når det er så vellukka, seier leiar i Gloppen Bondelag, Kristen Grov.
- I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland, seier tilsett hos Statsforvaltaren Marit Hjortung. Landbruksselskapet i samarbeid med Statsforvaltaren og faglag inviterer til inspirasjonsdag for lokal foredling av mjølk i Vestland den 26. mai klokka 10:00 - 14:30 på den digitale plattformen Zoom
Me startar helga med ein applaus til Naustdal Bondelag for vel gjennomført ryddeaksjon!
I dag vart kravet i jordbruksforhandlingane overlevert staten.
- Frå å kunne produsere mindre enn i 2019 ved inngangen til 2020 - til å produsere meir enn i 2019 med færre kyr. Det står respekt av snuoperasjonen som mjølkebøndene fekk til i 2020, skriv prosjektleiar Jo Helge Sunde i oppsummeringa av Storfeprosjektet sitt arbeid i 2020.
Styret i Vestland Bondelag har utfordra lokallaga til å rydde landbruksplast. Det kan vere fint med ei påminning frå Nils Magne og Anders om korleis ein skal samle inn og sortere plasten.