LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Vi har altfor mykje hjort. Bondelaget har i lengre tid etterlyst sterkare verkemiddel for å redusere hjortebestanden det er difor svært gledeleg at utfordringane kring hjort vert teke på alvor.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Vi ser på dette som ein god start.  Tiltaket om kvotefri avskyting av hjortekalv for 2022/2023 er bra, då det betyr at grunneigaren kan skyte alle hjortekalvar på eigen eigedom i jaktperioden.

 

Enorm hjortebestand

- Vi har ein hjortebestand vestlandsbonden ikkje har råd til å behalde, som i tillegg er på veg til å gå utover dyrevelferda til hjorten.

Ei veksande hjortestamme skapar i tillegg interesse- og arealbrukskonfliktar. For å begrense dette ønska Mat – og Landbruksdepartementet å legge til rette for kvotefri jakt på hjortekalv, og ba Miljødirektoratet legge til rette.

- Eg håpar også at dette kan bidra til å dempe konflikten mellom aktive og passive grunneigarar. 

 

Vil ha fleire tiltak

- Dette er første steg i rett retning, seier Felde. Vi søkte også om fri avskyting av ungdyr, men det fekk vi ikkje gjennomslag for i denne omgang.

Han forventar at fleire tiltak vil kome, då  hjortestamma er for stor.

- Vi ser også auka tal trafikkulukker der hjort er involvert. Dette går ikkje lengre, Bondelaget skal halde fram å jobbe for at fleire og sterkare verkemiddel kjem på plass.

HER finn du brevet som har gått frå Miljødirektoratet til kommunane