LEIAR I GLOPPEN BONDELAG: Kristen Grov.

 

- Dei frammøtte hadde det veldig veldig kjekt, fortel Kristen Grov.

Leiaren i Gloppen Bondelag fortel om ein bra kveld, med mykje god mat. 

- Vi fekk servert grillmat laga av Nils Magne Gjengedal (2.vara i Vestland Bondelag), og Gry Ingvild Agjeld (Styremedlem i Vestland Bondelag). Måltidet vann me i ein vervekonkurranse i regi av fylkeslaget. Maten var kjempegod, det var så vidt dei klarte halde unna for svoltne munnar.

Til dessert sto jordbær på menyen.

- Tore Hauge leverte fantastisk fine jordbær. Med vaniljesaus og kaffi vart det verkeleg ein perfekt dessert.

 

God stemning

VELLUKKA KVELD: Folk kosa seg på fest.

 

- Det var ein veldig vellukka kveld for absolutt alle som var der.

Grov fortel at det kom cirka 40 personar, og at det gjorde godt å sjå at dei kosa seg.

- Det var ganske mykje arbeid på førehand. Vi  brukte mykje tid både på å planlegge, rigge opp og rydde ned. Sjølv om det var mykje jobb, var det absolutt verdt det. Spesielt når folk hadde det så moro.  

 

God dansemusikk

MUSIKK: Steinar Engelbrektson spelte opp til dans.

 

- Dansemusikken sto Steinar Engelbrektson for. Heilt fantastisk musikk for oss som likar å danse, seier Grov.

Etter festen har han fått mange gode ord.

- Ja, det har vore fantastiske tillbakemeldingar. Det set eg stor pris på. Det er motiverande, avsluttar han.