Tanken bak programmet var at Hoen skulle verte kjend med fruktproduksjonen i Hardanger og Vestland og dei naturgitte forholda og driftsutfordringane. Det vart også tid til å møte medlemer, produsentar og andre lokale aktørar på Morellfestivalen. Lokallagsleiarane i dei tre lokallaga i Ullensvang var med, og alle medlemene hadde fått sms om at dei kunne møte tillitsvalde på Morellfestivalen.

fredag morgon starta turen på garden til Torbjørn Børve, lokallagsleiar i Ullensvang Hagebrukslag. Han held på med ombygging til lausdrift i bratt landskap og med marginalt areal- og fôgrunnlag.Torbjørn vart også med vidare på gardsbesøk, saman med Knut Byrkjenes Hauso frå fylkesstyret og Lars Peter Taule frå fylkeskontoret.

Ingrid Larsen Sekse driv med epleproduksjon og eige merkevare sider. Ho er også kjend som Hardangerbonden.

Torbjørn Børve, Ingrid Larsen Sekse og Egil Chr Hoen

Kristian Sekse Andersen har overtatt eit gamalt fruktbruk, og han snakka mellom anna om arrondering og planering av jord og fjell, kapital og investeringsbehov og vidare planar. Kristian og broren Karl Magnus er kjende som Hardangergutane.

På besøk hos Kristian Sekse Andersen, Hardangergutane

Hildegunn Espe driv med nyplanting av pære. Ho snakka mellom anna om utfordringar i etableringsfasen.

Hildegunn Espe, Børve, Hoen og Knut Byrkjenes Hauso

 

Olav L. Bleie driv med epleproduksjonen og sider-produksjon under merkenamnet Alde sider.

Hos Olav L. Bleie

Det vart også tid til eit besøk på garden til fylkesstyremedlem Knut B. Hauso.

 

Etter eit besøk hos Hardanger Fjordfrukt SA i Utne, gjekk turen vidare til Asbjørn Lutro som har eple i svært bratt areal.

Asbjørn Lutro med bratt areal

Laurdag var det besøk hos Olav H Helleland som driv med nydyrking og morellguatane Magnus Opedal og Harald Alvavoll, før turen vart avslutta på Morellfestivalen.

Hos Olav H Helleland

Hos Olav H Helleland

Hos Harald Alvavoll