Det er styret i Norges Bondelag som kvart år nemner opp medlemer til 3 faste utval;

  • Grøntutval
  • Kornutval
  • Miljø- og berekraftsutval

I tillegg til Kari Sigrun Lysne som er oppnemnd som medlem i Grøntutvalet fram til 2024 sit nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus som medlem i Miljø- og berekraftsutvalet.  Ho vart oppnemnd i 2021 og er oppnemnd til 2023. 

Felles mandat for alle dei faste utvala er slik:

  • Rådgjevande organ for styret og sekretariatet
  • Skal på sjølvstendig grunnlag reise og utgreie spørsmål innan sitt mandat
  • Skal halde seg oppdatert og godt orientert om situasjonen i næringa og på saksfeltet dei representerer
  •  Skal handsame saker som oversendes fra styret eller generalsekretæren
  • Skal gje ei fråsegn i førekant av jordbruksforhandlingane
  • Rapportering til styret skjer gjennom protokollar frå møta i utvala, eventuelt gjennom saker som vert sendt over til styret
  • Saker fremmast for styret ved vanleg saksbehandling gjennom generalsekretæren
  • Møter så ofte utvalget sjølv eller styret finn det naudsynt innan dei rammer som styret fastset (budsjetter, arbeidskraft). 

På denne sida til Norges Bondelag finn du kontaktinformasjon til dei tillitsvalde sentralt i organisasjonen.