Samlinga for nye bønder i Øystese i fjor vart ein stor suksess. I år vert det ny samling, denne gongen i Sogndal.

Programmet vert klart rett over sommarferien. Dersom du vil ha programmet på e-post med ein gong det er ferdig, kan du melde deg på ei liste her: Program for Ny bonde-samling.

Mykje av programmet blir felles for alle, men det blir også nokre parallelle bolkar der husdyrproduksjon og frukt/grønt får tilpassa fagleg informasjon.

Set av dagane i kalenderen.

 Helsing arrangørane:

Bondelaget, TINE, Nortura, Gartnerhallen, FK Agri og Landkreditt.

Her kan du lese om samlinga i fjor: For ein fantastisk gjeng!

Frå samlinga i Øystese i fjor