Webinar om solenergi på garden
Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din? Vestland Bondelag, Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, og Norges Vel inviterer til fagleg påfyll 27. mai klokka 10 -11.30.
Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din? Vestland Bondelag, Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, og Norges Vel inviterer til fagleg påfyll 27. mai klokka 10 -11.30.
No har de høve til å kjøpe tilgang til å sjå opptaka av viltwebinara.
Det kom mange spørsmål frå 3.klasse ved Halsnøy skule då dei vitja garden til nestleiar Marianne Nordhus førre torsdag.
- Det er uhaldbart at inntektsveksten til matprodusentane over tid ikkje held tritt med lønsveksten til andre grupper i samfunnet, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde
Det har vore mykje køyiring for denne vekas lokallagsleiarar, både med flytting av gjødsel, brøyting og transport av materiale. På Sotra er dei snart klare for å få ut kunstgjødsel, og i Byrkjelo har dei 50 cm med snø.
I dag er startdatoen for lokallagskampanjen "Vi dyrkar landet", og både lokallaga, fylkesstyret og administrasjonen i Vestland Bondelag er klar for å delta.
- Jammen er det travelt, men det er no kjekt også seier leiar i Austrheim og Lindås Bondelag, Ove A. Holmås som i dei komande vekene ventar på at fleire hunde lam skal verte fødde.
Informasjon om RMP-tilskotsordningane for spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging, og eventuelt med tilførselsslange/slepeslange for 2021 ligg no på nettsida om Regionalt miljøprogram hjå Statsforvaltaren.
- Beitenæringa kan ikkje leva med ein bestand på jerv som nærmar seg det doble av kva som er Stortinget sin målsetnad seier styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland
- Dette er eit enkelt og nyttig hjelpemiddel både for Vipa og for oss bønder i vårvinna, seier leiar i Halsnøy Bondelag Anfinn Toft.
Det første kurset i klimakalkulator i Vestland vart gjennomført på Voss. Deltakarane var positive til at mange data var samla på ein plass, men syntest kalkulatoren treng litt meir utvikling.
- So ufatteleg kunnskapslaust og provoserande. Folk flest forstår at oljeboring og biff er i to ulike kategoriar i forhold til klimautslepp og berekraft, men dessverre er gode slagord viktigare enn truverd, seier Anders Felde i ein kommentar til MDG sitt slagord før Stortingsvalet
Fagskolen i Hordaland tilbyr fagskuleutdanninga "Lokal matkultur" for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien.
Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?
Vestland Bondelag har sendt innspel til Fylkeskommunen sin plan for Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.
Takk til alle som kjøpte lodd på årsmøtet. Pengane går til opplæring av driftige og engasjerte bønder for at dei skal verte betre rusta mot ekstremver og avvlingssvikt.
Om ikkje det allereie er eit ord i ordboka så trur eg denne vekas lokallagsleiarar er einige om at det er det dette det går i for tida. :)
Grensene er tilnærma stengde i desse dagar, men med god dokumentasjon kan det vere mogleg å få inn arbeidskraft som er kritisk for verksemda di.
Norges Bondelag og Gjensidige skal dele ut inntil 10 millionar kroner gjennom Bærekraftfondet. Både enkeltpersonar og lokallag kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak.
- I etterkant av gårsdagen produsentmøte inviterer vi til regionale dialogmøte mellom NAV regionalt og grøntnæringa, seier fylkesleiar Anders Felde
Grøntnæringa i Vestland treng mykje arbeidskraft utover våren, og særleg i den intensive perioden med hausting frå slutten av juni og ut september er trongen stor. - Vi registerer uro mellom medlemene på om det let seg gjere å få tak i den arbeidskrafta som trengst seier leiar i Grøntutvalet i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne.
Det er litt roligare enn vanleg hos bøndene i denne vekas nettsak, men snart brakar det laus med våronn, kalving og lamming.
- Å halvere hjortebestanden, slik kommunane kring Nordfjella fekk i oppgåve då CWD kom til området, er inga enkel oppgåve sa viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland Knut Fredrik Øi i sitt innlegg på gårsdagens viltwebinar.
- Haldningar vert lettast endra ved at den yngre garde "dreg ut i verda" og får nye haldningar. Det er ved generasjonsskiftet at den største haldningsendringa skjer, også i viltforvaltninga sa Torstein Storaas med eit stort smil i innleiinga si på viltseminaret tysdag kveld. Haldningane til gamle gubbar som meg sjølv får du ikkje endra.
Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Her kan du sjå ein film om korleis det er løyst på Selheim gard på Voss.
- Norsk landbruk er heilt avhengig av politikarar som kjenner bonden og korleis landbrukspolitikken fungerer, sa styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland i helsinga til fylkesårsmøtet i Vestland Arbeiderparti
På årsmøte vart det delt ut premie til lokallaga med høgast vekst i medlemstal, og det vart gjort ein vri på årets lokallag premien.
Måndag 22. mars inviterer Vestland Bondelag til møte på tema arbeidskraftsituasjonen i grøntnæringa våren og sommaren 2021.
- Frå å ha hatt ein situasjon med fødselsoverskot på bygdene der mange flytta og bygde opp næringslivet i dei større byane har vi etterkvart ein situasjon der distrikta ikkje vil klare å reprodusere seg sjølve. Det er dramatisk sa leiar for Distirktsdemografiutvalet, Victor Norman til eit lydhøyrt årsmøte i Vestland Bondelag
Her kan du lese resultatet av det første valet i Vestland Bondelag.
- Sjølvsagt er taket på mjølkekvotane viktig, sjølvsagt er det viktig om det skal vere tak på tilskot eller ikkje. Men viktigast er det likevel at det er inntektsutvikling, uansett om garden er liten eller stor, sa Anders Felde i tala si til årsmøtet i Vestland Bondelag
- Forslaget til direktoratet vil resultere i at Vestlandsbonden ikkje greier å levere eit unikt fjordlandskap eller eit klimasmart landbruk. Då sviktar vi både dei politiske målsettingane i landbruket og det norske folk, skriv Anders Felde i eit lesarinnlegg der han kommenterer Landbruksdirektoratet sitt framlegg til ny fordelingsnøkkel for RMP midlane.
Marianne Nordhus er innstilt som ny nestleiar etter Peder Nernæs. Nernæs hadde meldt frå til valnemnda om at han ikkje stilte seg disponibel for verv i fylkesstyret. Fylkesårsmøtet vert gjennomført digitalt torsdag 11. mars.
Arbeidsoppgåvene og idèane er mangfaldige hos lokallagsleiarane i Naustdal, på Radøy, Fitjar og i Lærdal. Her kan du lese og sjå bilete frå ei ny kvardagsreportasje utarbeidd med god hjelp frå leiarane i dei fire lokallaga.
Har du endå ikkje teke arbeidsgjevarkurs for landbruket? Då kan du velje mellom to ulike nye datoar i april; 8. og 13. april. Kvart kurs varer fire timar, og du treng kun å delta på eitt kurs..
Denne veka har vi spurt lokallagsleiarane på Austevoll, Bømlo, Eikanger og Gloppen om korleis det står til.
Torsdag 11. mars er det klart for det første årsmøtet i Vestland Bondelag. Grunna koronarestriksjonane vert møtet digitalt.
Kvart år har lokallaga studiering der dei samlast for å diskutere kva dei meiner fylkeslaget skal prioritere i det årlege innspelet til jordbruksforhandlingane. I år måtte mange lokallag finne ei ny løysing.
Det er mykje ymse som blir diskutert i denne vekas prat med lokallagsleiarane...
Marianne Nordhus og Kjersti Hjelmeland frå verveutvalet i Vestland Bondelag kjem med viktig melding til alle innbyggjarar i Vestland!
Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Gardsvarmeprosjekt Vestlandet inviterer til fagleg påfyll i eit webinar 15. mars.
Viltseminaret 2020 vart utsett grunna korona. No blir det lagt opp til digitalt viltseminar så du kan delta frå di eiga stove, bli med her!
- Vi har stabil kulde, men elles er resten av tilværet ustabilt. Med ein svært oversikteleg møtelyd og romslege lokale fann vi det forsvarleg og gjennomføre siste kurskvelden i ein møteserie på tre, seier leiar i Årdal Bondelag Erik Skogli
Vi har tatt ein prat med fire lokallagsleiarar for å høyre korleis det står til hjå dei.
Teljedatoar var eit av tema som lokallaga tok opp på regionmøterunden. Olav Myhr frå fylkesstyret er ein av dei som meiner det er betre å gå over til gjennomsnittstal gjennom året.
Det Norske Måltid er ei prestisjefylt prisutdeling der dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg konkurrerer i tretten kategoriar. Aga sideri og Ulvik Frukt & Cideri vann kvar sin kategori.
I helga var det digital markering av 125-årsdagen for stiftinga av Norges Bondelag. Sjå bidraga frå medlemene i Vestland Bondelag her.