Last ned program for samlinga i Førde.

Samlinga på Stord er avlyst grunna for få deltakarar

Denne sommaren har vestlandsbonden verkeleg fått kjenne korleis vêr og klima spelar inn på produksjonen på gardane. Vått vêr gjer det tilnærma umogleg å slå på rett tidspunkt, og bakkane lir under traktordekka. Denne sesongen er det lite å gjere noko med, men er du og drifta di rusta for framtida?

Landbruksråd Vest, saman med Berekraftsfondet og Vestland Bondelag inviterer til

 

Hotellsamling med økonomi- og klimafokus Førde

23.-24. september på Scandic Sunnfjord hotell & spa, Førde

Vi inviterer deg og partnaren din til hotellsamling med økonomi- og klimafokus. På flotte Scandic Sunnfjord skal vi både kose oss og lade batteria, samstundes som vi går gjennom klimakalkulatoren og lagar ein klimahandlingsplan som gjer deg konkrete råd om kva som kan gjerast på din gard.

Hotellet har basseng og treningsrom. I tillegg er det eigen spa-avdeling der ein kan tinge forskjellige behandlingar og nyte eit eiget relax-område.

 

Praktiske opplysningar:

I løpet av samlinga vil deltakarane logge seg på klimakalkulatoren, få klimarådgjeving og ein godkjent klimahandlingsplan for sin gard. Godkjente klimarådgjevarar frå NLR og TINE er med på heile samlinga.

Rådgjevinga er i grupper og enkeltvis.

Ta med PC eller nettbrett, og Bank-ID for innlogging.

Målgruppa er bønder innan alle produksjonar, gjerne med partnar.

Pris:

Samlinga er sponsa av Landbruksråd Vest og Gjensidige og Bondelagets Berekraftfond og Statsforvaltaren i Vestland. Vestland Bondelag sponsar sine medlemer med 500 kr. Prisen for hotellopphaldet vert difor låg. Deltakarane må betale for klimarådgjeving og handlingsplan, men får pengane tilbake gjennom ein søknad til Regionalt miljøprogram (RMP). De vil få god informasjon om dette på samlinga.        

500 kr for medlemer i Vestland Bondelag

1000 kr for ikkje-medlemer

I tillegg kjem 2000 kr per gardsbruk for klimarådgjeving og handlingsplan som vert fakturert i etterkant. Ein får desse pengane tilbake gjennom ein søknad til Regionalt Miljøprogram (RMP).

Bindande påmelding innan 8. september

Lenke til påmelding Førde