Dette betyr at kommunane gjev moglegheita for kvotefri jakt på hjortekalv til alle vald i kommunen.   Dersom jaktvaldet ikkje ynskjer å nytte seg av ordninga, kan kvar enkelt grunneigar i jaktfeltet  praktisere kvotefri avskyting av kalv sjølv på sin eigedom.     Ein del aktive bønder har vore frustrerte på fleirtalet i jaktvaldet som gjerne ynskjer meir hjort.  Med dette tiltaket får den aktive bonden sjansen til å redusere hjortestamma likevel.

Enorm hjortestamme

Det er gledeleg at så mange kommunar har søkt om å få nytte dette nye verkemiddelet i forvaltninga av ein alt for stor hjortestamme, held Felde fram.  Totalt har 31 av kommunane i Vestland søkt og fått innvilga dispensasjon frå hjorteviltforskrifta sin §18.  På landsplan har 73 kommunar søkt.  Det store fleirtalet av desse ligg i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.  I tillegg har Lærdal ei eiga ordning der dei kan skyte både kalv og ungdyr fritt.     Den store interessa syner at trongen for å redusere hjortestamma, og med det redusere konfliktnivået som ei for stor hjortestamme skapar er stor.

Det er kommunen som avgjer kva vald som kan tildelast kvotefri jakt på hjortekalv, og Felde forventar at alle vald i kommunane får denne moglegheita.   Så er det sjølvsagt opp til jaktrettshavar om han vil gjere seg nytte av retten, seier ein krystallklar Felde.   

Han forklarar at kvotefri kalveskyting er det første av fleire målretta tiltak for å redusere hjortestamma.  Vi i Vestland Bondelag vil halde fram arbeidet med å få nye verkemiddel på plass som kan gjere det mogleg å redusere bestanden av hjort.   Vi har klare forventningar til offentleg forvaltning og regjeringa om at vi får på plass fleire nye verkemiddel før jakta i 2023 tek til avsluttar Felde.