Eid Bondelag arrangerte Open gard saman med Eventyrstallen på Stårheim søndag 28. august. Her var det god stemning og kjekke aktivitetar for store og små på ein gard som er godt tilrettelagt for slike arrangement. Litt konkurranse høyrer med, og det var knallharde men vennskaplege dystar i rundballespringing, øksekast og melkebøttehalding. Det var halmhopping og riding, og fôring av dyr. Det var også mogleg å få seg eit besøk i mjølkefjøsen, med heilt nyfødd kalv som skapte stor begeistring.

For dei som ville teste gardskunnskapane var det natursti med quiz. I gardskafeen var det varme pølser, nysteikte sveler og kaffe å få kose seg med. Små og store koste seg med ein triveleg og sosial dag i finværet. Knut Tore Nes Hjelle med ein god dugnadsgjeng frå Eid bondelag var stolte og glade for å endeleg få arrangere open gard igjen etter to år med lite aktivitet grunna koronarestriksjonar. Oppmøtet og dei blide fjesa på små og store som koste seg hos Eventyrstallen viste tydeleg at publikum har sakna tilbodet.

 

Sjå bilder frå dagen her.