Jordbruksoppgjeret 2018

  • Tips en venn om denne siden

Inngåelse av avtale
Landbruksminister Jon Georg Dale, leder i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg i samband med framlegginga av jordbruksavtalen for 2019.

Jordbruksoppgjeret 2018 vart avslutta med ein avtale onsdag 16. mai.

Onsdag 16. mai klokka 20.00: Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag inngjekk jordbruksavtale med staten. Avtalen har ei ramme på 1100 millioner kroner. 

Sjå pressekonferansen her: 

 

Onsdag 16. mai klokka 08.30: Jordbruksforhandlingane pågår framleis, men er inne i sluttfasen. 

Tysdag 15. mai klokka 21.00: Framleis uavklart på sentrale spørsmål om struktur og ramme. Høg intensitet, harde forhandlingar held fram utover natta. 

Tysdag 15. mai klokka 12.00: Det er eitt døgn att til jordbruksoppgjeret skal vere ferdig, og ingenting er avklara. Det er ein svært krevjande og uoversiktleg situasjon, og vi brukar tida. 

Måndag 14. mai: Jordbruksoppgjeret er inne i ein tøff og avgjerande fase. Dei viktigaste spørsmåla for jordbruket er størrelse og finansering av ramme, struktur samt moglegheiter for marknadssregulering. Det er stor avstand mellom jordbrukets krav og statens tilbod i desse spørsmåla. Forhandlingsmøta held fram utover kvelden og natta. 

Laurdag 12. mai og søndag 13. mai: Forhandlingane held fram. Inntekt, marknadsbalansering og struktur er hovudprioriteringane til jordbruket. Det er vanskelege forhandlingar.

Fredag 11. mai: Fredag føremiddag sitt partane kvar for seg for å gjere opp status og ta stilling til eventuelt vidare forhandlingar. Forhandlingane starta opp att på kvelden. 

Torsdag 10. mai: Prosedyregjennomgangen vart avslutta, og det er stor avstand mellom partane. 

Onsdag 9. mai: Partane har sete i lag i heile dag og gått igjennom prioriteringar og posisjonar i krav og tilbod. Arbeidet held fram utover kvelden onsdag, og på torsdag som er Kristi Himmelfartsdag. 

Tysdag 8. mai: Dei første forhandlingsmøta mellom jordbruket og staten starta klokka 12 tysdag. Partane går gjennom posisjonane sine i møtet i dag. Det er stor avstand på viktige område, og arbeidet held fram utover kvelden.

Måndag 7. mai: Forhandlingsutvalet til Norges Bondelag brukte helga til å gå igjennom statens tilbod, og måndag møttest dei to faglaga til drøftingar. I møte med staten rundt klokka 17.00 måndag, varsla jordbrukets forhandlingsutval at dei vil setje seg til forhandlingsbordet. 

Fredag 4. mai klokka 12 la staten fram tilbodet sitt til jordbruket. 

- Regjeringa tar ikkje utfordringane i norsk landbruk på alvor, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes etter å ha mottatt statens tilbod.

Torsdag 26. april overleverte eit samla landbruk kravet vårt til årets jordbruksoppgjer til staten. Det var leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg som overleverte kravet til statens forhandlingsleiar Leif Forsell. 

- Det skal løne seg å drive matproduksjon med utgangspunkt i jorda, same kvar jorda ligg og kor store jordstykka er. Det er utgangspunktet for jordbrukets krav. Vi prioriterer tilskotsordningar som reduserer kostnader, som sikrar bruk av jordressursane, og som investerer i mangfaldet, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes då han la fram kravet. 

Sjå pressekonferansen frå kravframlegginga i opptak under

Torsdag 12. april presenterte Budsjettnemnda for jordbruket talgrunnlaget for årets jordbruksoppgjer. Tala frå Budsjettnemnda viser ein forventa inntektsnedgang på 14 500 kroner per årsverk i landbruket fra 2016 til 2018.

Relaterte artikler

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Oppfordrer til svinedugnad

Bondelaget ber svinebønder følge Norturas oppfordring om å redusere antall purker med minst 5 prosent. Nye prognoser fra markedsregulator viser et stort overskudd av svinekjøtt på reguleringslager.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek
Tirsdag
14
August

Den store landbruksduellen!

Lille andevinge, Arendal
Onsdag
15
August

Bondepub!

Barrique øl- og vinstue, Arendal

Våre samarbeidspartnere