Jordbruksforhandlingane i sluttfasen
Årets jordbruksforhandlingar skal vere ferdige i dag, 16. mai. Forhandlingane pågår framleis, men er inne i sluttfasen.
Jordbrukets forhandlingsleiar har sete i møte med statens forhandlingsleiar store delar av kvelden i går og natt til i dag, for å komme fram til ei avklaring på årets jordbruksoppgjer. Onsdag morgon er det framleis uavklart. Årets jordbruksoppgjer skal etter planen avsluttast i løpet av dagen i dag, 16. mai.
- Les meir: 10 viktige grep i jordbrukets krav
- Les meir: Spørsmål og svar om statens tilbod
Det har no gått ni dagar sidan Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag varsla staten om at dei ville setje seg til forhandlingsbordet i årets jordbruksforhandlingar. Sidan då har det pågått forhandlingar mellom dei to partane. Dei viktigaste spørsmåla for jordbruket har vore storleik og finansering på ramme, struktur samt moglegheiter for marknadsregulering.