Nyhende frå Vestland Bondelag

Flaskehalsar gjev meir trafikk og meir utslepp

Vestland Bondelag har invitert politikarar til to møte om flaskehalsar for transport på kommune- og fylkesvegar i Vestland. Den første samlinga var på Byrkjelo.

Korleis styrke småfehaldet og utmarksressursane?

Lars Bø inviterte politikarar til ein lærerik dag på stølen Fyrjo i Vossafjella. Tema var korleis vi kan nytte utmarksressursane i Vestland til å utvikle og styrke verdiskapinga frå småfehaldet.

Hugs skyteprøven før hjortejakta

Har du hugsa å teke skyteprøven før hjortejakta? I år må du gjennomføre siste del av prøven med skyting mot dyrefigur.

Ledig stilling som Klimakoordinator

Klimakoordinatoren skal, med bakgrunn i Landbrukets Klimaplan, koordinere klimaarbeidet i landbruket som rettar seg mot bonden og gardsdrifta i Vestland. Søknadsfristen er 3. september. Du finn kunnskap om stillinga nedanfor.

#vidyrkerlandet - Vossestrand Bondelag

#vidyrkerlandet kampanjen viser igjen i barnehagane i Voss Herad.

Geit i verdsarven

Bonden og beitedyra gjer ein fantastisk jobb for landskapet! Geita er ein stor bidragsytar til å oppretthalde landskapet i verdsarven i Aurland.

- Me treng eit landbruksløft

Eit samla landbruk ber politikarane for komande Stortingsperiode forplikte seg til å løfte framtidsutsiktene til norske matprodusentar.

Korleis vert framtida for mjølkebruk?

Klarar vi å utvikle mange nok mjølkebruk i Vestland i framtida var hovudtemaet i møtet i Omvikdalen denne veka. Politikarane var invitert heim på garden til styremedlem Kjersti Hjelmeland og familien.

Korleis utvikle fruktnæringa i Vestland?

Fylkesstyret i Vestland Bondelag har invitert dei komande stortingsrepresentantane og varaene til møte med ulike tema innan landbruk. I Ulensvang var det fruktdyrking som stod på programmet.

Korleis utvikle og styrke verdiskapinga frå storfehaldet i Vestland?

Det var tema då Vestland Bondelag inviterte til politikardag i Sunnfjord.

Møte om Inn på tunet i Vestland

Vestland Bondelag vil invitere alle Inn på tunet-tilbydarar i fylket til eit digitalt informasjonsmøte 30. august klokka 15.00.

Vil ha politisk støtte til landbruksløft

Kraftig inntektsvekst er avgjørende for å utvikle framtidas landbruk. – Et samla landbruk ber politikerne i årets valgkamp om et landbruksløft, sier Bjørn Gimming, leder i Norges Bondelag.

Frå spire til glede

Elevane på mellomsteget på Sagatun Skule i Balestrand har fått prøvd seg som grønsaksdyrkarar denne våren.

Nesten som å ha kongen på besøk

Det er nok ikkje ofte eit lite lam vert samanlikna med kongen.

Glade barnehagar på Voss :)

- Det er veldig kjekt når ein får slike tilbakemeldingar, seier leiar i Voss Bondelag, Grethe Monica Haug.

Finansiering av auka kostnader ved beiting i CWD råka område

- Det er no avklart kva regelverk og kor mykje pengar som er sett av til å finansiere beitenæringa sine ekstra kostnader med årsak i restriksjonar knytt til at sjukdommen CWD er påvist i beiteområda i Nordfjella og på Hardangervidda.

Kontoret er sommarstengt

Kontoret vårt er stengt i to veker. Vi er tilbake 2. august. God sommar!

Gry Ingvild Agjeld medlem i produsentråd sau

- Vår oppgåve vert å prøve å finne løysingar for korleis vi kan tilpasse produksjonen best mogleg når marknadsregulator ber om dette seier Agjeld.

Snart klart for biogass

I slutten av juni var arbeidsutvalet i Vestland Bondelag på rundtur i Fitjar, Stord, Fjellbergøy, Omvikdalen og Nernes. på Stord var dei innom Renevo for å sjå på biogassfabrikken som snart er klar til produksjon.

Auka stimulering til slått av bratt areal

Alle føretak som slår bratt areal kan søke om tilskot via regionalt Miljøprogram, seier Statsforvalteren i ei sak på sine nettsider.

Populært med eigendyrka mat

I dag har vi besøkt den nye parsellhagen på Framnes gård i Bergen. Dei 32 parsellane er fulle av kål, bønner, gulerøter og mange andre spiselege vekstar. Kanskje er det fleire bønder som vil prøve seg med parsellhage?

Det spirar og gror i Hyllestad

I forbinding med #Vidyrkarlandet kampanjen har Fjaler og Hyllestad Bondelag vitja barnehagen og barneskulen i Hyllestad.

Merkedag i Sogn

- Dette er ein god dag for grøntnæringa i Sogn seier fylkesleiar Anders Felde i Vestland Bondelag.

Vi rammar inn landskapet

I årets sommarkampanje skal vi setje søkelys på resultatet av bonden sitt arbeid. Målet er å vise folk at det dei ser gjennom rammene ikkje kjem av seg sjølv.

Investeringsverkemidlane for 2021 er brukt opp

- At det er tomt for investeringsverkemidlar til landbruket før juni månad er over syner for alvor kor viktig det er å få auka løyvingane og samstundes betra finansieringsgrunnlag i kvart prosjekt, seier fylkesleiar Anders Felde

Fire barnehagar i Os fekk dyrke eigen mat

Vi dyrker landet er en del av jubileumsfeiringa til bondelaget, og Os Bondelag er eitt av lokallaga som har gjort det mogeleg for barnehagar å dyrke eigen mat i pallekarm.

Stortingsrepresentant på gardsbesøk

- Det er viktig for oss å syne fram norsk svineproduksjon, seier Anders Felde i ein kommentar til at han i lag med mellom andre Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre vitja svineprodusent Sverre Sæterbø på Fitjar.

Høyring av planprogram for klima

Vestland Bondelag har sendt innspel til fylkeskommunen om "plan for klimaplanen". Vi har bedt om å få vere med i det vidare arbeidet med ny regional plan for klima 2023–2035.

Lettelsar i innreisereglar

- Det er positivt at det kan bli enklare å få innreiseløyve for naudsynt arbeidskraft i landbruket, seier Kari Sigrun Lysne som er leiar i grøntutvalet i Vestland Bondelag.

Kjekt politikarbesøk på Stend

I går besøkte Marte Mjøs Persen frå Arbeiderpartiet fjøset på Stend vgs for å lære meir om mjølkeproduksjonen i Vestland.

Plast plast plast

Selje og Stadlandet Bondelag har gjennomført plastryddeaksjon i sitt nærområde.

Har du ein kandidat til årets BU-pris?

Kvart år deler Innovasjon Norge ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Er du eller veit du om ein kandidat til prisen?

Bodhild Fjelltveit attvald som 2. nestleiar i Norges Bondelag

På årsmøtet i Norges Bondelag vart Bodhild Fjelltveit frå Bergen attvald som 2. nestleiar i Norges Bondelag. Peder Nernæs frå Kvam kommune vart vald som 2. vara til styret.

Grønt, velferd for folk og fe og tydeleg leiing sett på agendaen gjennom replikkar

I digitale møte er tidsvindauget mindre for replikkar, men nokon replikkar frå utsendingar frå Vestland vart det tid til i dagens møte

Landbruks- og matministeren kom på besøk til årsmøtet

Tillit, rolleforståing og gjensidig respekt er avgjerande for den gode dialogen sa Statsråd Olaug Bollestad i møte med Norges Bondelag sitt årsmøte.

Jervebestanden må ned på bestandsmålet

- I beiteprioritert område skal beitedyra ha prioritet, men for bøndene som driv med beitedyr er belastninga etter fleire år med tap til rovdyr no so stor at fleire ynskjer å leggja ned drifta også i dei beiteprioriterte områda. Slik skal de ikkje vere, sa ein tydeleg Ole Bjarne Hovland til årsmøtet i Norges Bondelag.

Ein god landbrukspolitikk er god distriktspolitikk i praksis

- Me meiner det er langt meir verdfullt for Norge med 5 gardsbruk og bønder i ei bygd, enn ein svært stor gard. Å vere fleire gjev tryggleik i kvardagen. Det gjev lys i husa og det gjev yrkesbrør å snakke med, sa nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus til årsmøtet i Norges Bondelag.

Årsmøtet i Norges Bondelag har teke til

Utsendingane frå Vestland Bondelag er samla på Voss for å delta på Norges Bondelag sitt digitale årsmøte.

Traktorprøven på rett spor att

- Det er gledeleg at Statens Vegvesen no har eit mål om å ta unna køa for oppkøyring til førarkort for traktor før sommaren, seier seniorrådgjevar i Vestland Bondelag Merete Støfring

Plastryddedag på Sørbøvågen

Fjaler og Hyllestad Bondelag arrangerte ryddeaksjon på Sørbøvågen i slutten av mai.

Tenk deg om to gonger!

No brakar det laust med førsteslått rundt omkring i fylket, og då er det viktig å hugse på HMS.

Ikkje eitt kilo å miste

- Nok ein gong forhandlar ei norsk regjering vekk marknadsmoglegheiter for norske bønder, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde

- Ringe du midt i slåtten?

Det er juni, det er varmt, det går i gras, vatning og slått i vekas lokallagsprat.

Tut for norsk mat!

Frå Kjøldalen til Oslo med viktig bodskap.

Ei vossakasse med plast!

Ei Vossakasse kan brukast til so mangt - i Kjølsdalen Bondelag var den nyttig reiskap i plast-ryddeaksjonen deira.

Plastrydding i Uskedalen Bondelag

Uskedalen Bondelag plukka både plast over og under vassflata i årets plast-ryddeaksjon.

Vårrydding i bygda under breen

Veitastrond Bondelag inviterte små og store i bygda til ryddedugnad, og oppslutnaden var god seier leiar Jimmy Hilleren

Alt er i rute

Denne gongen har vi snakka med lokallagsleiarane i Omvikdalen Bondelag, Fjærland Bondelag og Gulen og Masfjorden Bondelag.

Signerte avtale om biogjødsel

Den 25. mai underteikna Renevo AS og bøndene i området avtalar om levering av husdyrgjødsel til biogassproduksjon og mottak biorest/biogjødsel frå biogassanlegget til bøndene.

Webinar med Harris: Ekspropriasjon

Vestland Bondelag har invitert advokatfirmaet Harris til å gi medlemene våre tips om kva dei som grunneigarar kan gjere når eigedomen vert regulert til offentlege utbyggingsføremål. Her kan du sjå opptak av seminaret.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere