LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Inntekt er det viktigaste verkemiddelet for å sikre framtidig norsk matproduksjon og for å nå måla i landbrukspolitikken, seier Anders Felde.

På initiativ frå Bondelaget går organisasjonar og verksemder i landbruket saman om landbruksløftet, forklarar leiaren i Vestland Bondelag. Til saman er skrivet underteikna av 37 landbruksorganisasjonar og bedrifter, på vegne av 38 000 bønder.

- Målet er å løfta inntektene i næringa. Difor utfordrar me alle politiske parti til å heve bonden si inntekt betydeleg. Inntektsnivået i jordbruket er mykje lågare enn i resten av samfunnet.

 

Ynskjer å snu alvorleg trend

- Konkret ber me politikarane i neste stortingsperiode forplikte seg til at inntektene i jordbruket skal opp til same nivå som det andre grupper i samfunnet får.

Det må skje gjennom dei neste årlege jordbruksoppgjera held Felde fram.

- Det trengst politisk vilje for å snu den alvorlege utviklinga i landbruket, me treng ny giv i næringa.   

 

Eit tydeleg signal

- Det er mange aktørar som sluttar seg til landbruksløftet, alle meiner det er heilt naudsynt å sikre høgare inntekt til bonden. Høgare inntekt er mellom anna viktig for å sikre eit landbruk over heile landet, for matvareberedskapen, for rekruttering og for at bonden kan investere.

Eit samla landbruk ynskjer å framleis kunne forsyne den norske marknaden med trygg og god norsk mat.

- Førre veke kom det ein rapport frå FN som handla om klima og meir ekstremvær i framtida. Den peikar på at det er viktig å sikre ein stor framtidig norsk matproduksjon basert på norske resursar.

Felde fortel at rapporten også peika på viktigheita av den spreidde matproduksjonen vi har i dag, og at bonden får tid til å både handtere tøke og ekstremvær.

- I dette bilde er det svært framtidsretta å satse på små og mellomstore bruk, men då må politikarane sikre inntekta til desse bruka i komande stortingsperiode.