Mekjell MelandHovudspørsmålet for dialogmøtet med politikarane var korleis vi kan utvikle den tradisjonelle fruktdyrkinga i Vestland. Korleis kan vi sikre auka volum og verdiskaping i ei tid med raske endringar? Kari Sigrun Lysne og Siv Helle Prestegard deltok for fylkesstyret i Vestland Bondelag, og var med politikarane på Ullensvang fruktlager, NIBIO Ullensvang og hagevandring.

- Grøntnæringa er i vekst, og vi i Vestland vil delta i veksten, sa Kari Sigrun Lysne. -  For å lykkast med det, treng vi politisk drahjelp og innovasjonsmidlar.

Ullensvang fruktlager er eitt av tre fruktlager i kommunen. Kari Sigrun forklarte kor viktig fruktlageret er for at bøndene skal nå ut i marknaden. Dagleg leiar Kari Opedal fortalde litt om fruktlageret, medan styreleiar Harald Alvavoll snakka om konsum og industriproduksjon.

- Vi må ha fokus både på matkonsum og siderproduksjon, sa Alvavoll. Førsteklasses kvalitet på mateple gir førsteklasses sider. Det er ein styrke å kunne balansere konsumeple og presseple og halde god kvalitet på begge.

På NIBIO Ullensvang vart politikarane møtt av Mekjell Meland og fekk høyre om sortsutprøving, mellom anna dyrking av nøtter i Hardanger. NIBIO har høg kompetanse og samarbeider med andre forskarar internasjonalt. Det unike er at dei er så tett på produsentane at dei veit kva for forsking som er viktig for produksjonen.

Thomas Harris og Harald Alvavoll hadde også einorientering om Norsk frukt- og sidersenter.

Med på møtet var Erlend Nævdal Bolstad (H), Silje Hjemdal (Frp), Terje Kolbotn og Emilie Ribesen Skjærvold (Raudt), Stein Ove Hansen (Fnb), Nils T. Bjørke (Sp), Linda Merkesdal (Ap), Ane Breivik (V) og Mari Svartveit Hansen og Kim Bull Hansen (Sv).

Her kan du sjå heile programmet.