Fredag den 2. juli inviterte Sogn Frukt og Grønt (SFG) til ei markering for byggestart av nytt frukt og grøntpakkeri. 

SFG har nådd ein viktig milepåle, og har inngått kontrakt med Kleiven Sogn AS om bygging av nytt frukt- og grønt pakkeri på Håbakken i Lærdal.  Kontrakten har ein verdi på kr 76 mill og bygget er på totalt 6500 kvm.  Bygginga startar sommaren 2021, og anlegget skal vera klart til bruk for sesongen 2022.  Dette pakkeriet blir særs viktig for vidareutvikling av frukt- og grøntnæringa i Sogn og skal handtere pakking av eple, pære, plome, morelle, bær, tidlegpotet og grønsaker frå sju kommunar i Sogn. 

Samspel mellom ulike aktørar må til skal ein lukkast med større løft innan frukt- og grøntnæringa

Prosjektet hadde vanskeleg blitt realisert utan dei gode bidraga SFG har fått, og kreftene bak pakkeriet er svært takksame  for dette.    Difor hadde dei invitert alle bidragsytarane og andre som har arbeidd for dette prosjektet, til ei markering på Håbakken, med etterfølgjande lunsj og presentasjon.   Fylkesleiar Anders Felde og leiar i Grøntutvalet Kari Sigrun Lysne var til stades på vegne av Vestland Bondelag.

Fylkesordførar Jon Askeland og Endre Høgalmen frå administrasjonen i Vestland Fylkeskommune var med på den høgtidlege markeringa.

Styreleiar Endre Kleivland og dagleg leiar Knut Rune Bø i Sogn Frukt og grønt orienterte om prosjektet