Finansiering av auka kostnader ved beiting i CWD råka område
- Det er no avklart kva regelverk og kor mykje pengar som er sett av til å finansiere beitenæringa sine ekstra kostnader med årsak i restriksjonar knytt til at sjukdommen CWD er påvist i beiteområda i Nordfjella og på Hardangervidda.
Stortinget har vedteke å auke ramma for dei øyremerka midlane knytt til kostnader for beitenæringa som følgje av tiltak mot skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda med 3,5 millionar kroner ekstra over revidert Nasjonalbudsjett. Totalramma for 2021 er med dette kroner 8,5 millionar.
Du finn meir kunnskap om ordninga på heimesidene til Statsforvalteren i Oslo og Viken. Dei forvaltar ordninga i samarbeid statsforvalteren i Vestland og Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.
Midlane vil verte lyst ut i starten av september. Beitelaga og sankelaga vil få også tilsendt informasjon om ordninga i starten av september. Endeleg søknadsfrist er 15. oktober.