Sist år fekk jegerar fritak for å gjennomføre skyteprøven grunna vanskar med å gjennomføre skyting under dåverande smitteverntiltak.   I 2021/2022 er det kun krav om å gjennomføre siste del av skyteprøven for storviltjegerar med skot mot dyrefigur.   Om du ikkje allereie har fått gjort dette er det på tide å kome seg av garde. 

Det er ein jobb som skal gjerast

Det trengst mange dyktige jegerar i Vestland for å kunne felle det store tal hjort som må fellast for å kunne nå forvaltninga sine mål om ein redusert bestand.  Det er ein stor jobb som skal gjerast både når det gjeld kunnskap og tid.

Ja, hjortejakt er sosialt, kjekt og avkopling for mange, men det er også forvaltning av ein bestand som etter Vestland Bondelag sitt syn er altfor høg.  Mange aktive bønder må betale ein altfor høg pris i form av redusert grasavling og skade på skog.   Difor trengst det mange jegerar som gjer ein stor og god jobb gjennom å felle og handtere felte dyr.  Tek du ikkje jaktprøven sjølv, så nøl ikkje med å sleppe andre jegerar til i ditt område.   Er du sjølv ein dyktig jeger, så nøl ikkje med å bruke noko tid på å lære opp nye yngre generasjonar til å verte dyktige jegerar.

På Miljødirektoratet sine sider kan du lese om kva krav som trengst å vere oppfyllt før årets jakt.

Trening er viktig

Sjølv om krava er noko lågare dette året enn eit normalår, så vil vi oppmode alle om å trene før du tek turen til skogs eller før du skal felle bøhjorten.   Lukke til.