Norges Bondelag har på initiativ frå Troms Bondelag oppretta produksjonsråd sau, etter liknande mal som ein har hatt for gris.  Styremedlem og medlem i Arbeidsutvalet i Vestland Bondelag, Gry Ingvild Agjeld er mellom medlemene som sit i rådet. 

Marknadssituasjonen på sau og lam er no betre enn på lenge.  det er likevel på sin plass å arbeide for å finne gode løysingar innan sauenæringa.  Næringa består av mange bønder med varierande organisasjonsgrad og tilknyting.  Det betyr at vi er mange avgjerdstakarar som skal verke saman for eit best mogleg resultat, seier Agjeld.  

Gruppa, som har starta arbeidet, er sett saman av nestleiar i Innlandet Bondelag, Kristina Hegge, Andreas Larsen, Arnfinn Auestad, Kjell Åge Torsen og Gry Ingvild Agjeld.  På første møtet i gruppa deltok også 1.nestleiar i Norges Bondelag sitt styre Egil Chr. Hoen og tilsett i administrasjonen Anders Huus. 

Har du innspel til arbeidt må du gjerne kontakte meg, seier Gry Ingvild Agjeld.   Du kan nå henne på mobiltelefon: 90502184.