Planprogrammet skal prioritere dei områda som er viktigst å jobbe med i planprosessen, og har tre hovudområde: Utsleppsreduksjon, klimatilpassing og å sikre naturmangfald.

Den regionale klimaplanen skal gi grunnlag for klimaomstilling av Vestland, og kjem på høyring neste år. Klimaomstillinga inneber ei brei samfunnsendring der vi skal reduserer klimagassutsleppa, og samtidig tilpasse oss til dagens og framtida sitt klima.

I innspelet til planprogrammet skriv Vestland Bondelag at "Vi føreset at Stortinget sitt overordna mål for norsk jordbruk vert lagt til grunn i planarbeidet". Vi ber også om at Landbrukets klimaplan vert nytta i arbeidet, i staden for nye tiltak som ikkje kjem frå landbruket sjølv.

Under punktet om redusert klimaavtrykk for Vestland, skriv vi mellom anna at landbruket kan bidra med lokalprodusert mat og grunnlag for verdiskaping i andre næringar. Å kutte klimautslepp ved å minske import og samtidig støtte lokalt næringsliv, er etter vår meining ei god tilnærming til plantemaet.

Vestland Bondelag ber også om å bli involvert i det vidare planarbeidet. Landbruket skal produsere mat med mindre klimagassutslepp og samstundes tilpasse seg klimaendringane. Det er ikkje ein enkel prosess, og det er viktig at landbruket får delta i arbeidet som skal leggje premissene for både utsleppsreduksjon og tilpassing.

Les meir om klimaplanen for Vestland.

Les Landbrukets klimaplan.