Tysdag denne veka inviterte Lars Bø frå fylkesstyret politikarar til sin eigen støl, Fyrjo. Nils T. Bjørke (Sp), Iril Schau Johansen (H), Terje Kolbotn (Raudt) og Linda Merkesdal (Ap) var med til fjells. Anna Bryn og Olav Hjetland Bringedal har beitedyr i området, og dei snakka med politikarane om korleis ny teknolog påverkar beitebruket i utmarka.

Kari Molstad representerte både næringsavdelinga i Voss herad og reiselivsnæringa, og snakka om kombinasjonen av beitebruk og turisme i  Vossafjella.

Lars Bø og Reidar Kallestad frå Hordaland sau og geit stilte spørsmålet "Korleis kan du som Stortingsrepresentant vere med på å sikre at det framleis vil vere mogleg å møte beitedyr i fjella våre?"

Tanken bak politikermøta no før valet, er å vise fram næringa og diskutere viktige problemstillingar på stader der politikarane kan sjå både landskap, dyr og driftsbygningar. - Det vart ein god dialog med politikarane, sa Lars Bø etter møtet. Frå Vestland Bondelag stilte også styremedlem Kjersti Hjelmeland. Ho var nøgd med dagen, og skrytte av stølen og det flotte landskapet.