Avgrensingar knytt til vekt og lengde etter veglista fører til store økonomiske og praktiske utfordringar for transport på kommunal- og fylkesvegar. Det får konsekvensar for bønder, skogeigarar, transportørar og anna næringsliv.

- På over 50% av kommunevegane i Vestland er det berre lov ha med mellom 2 og 4 tonn last, sa Helge Kårstad, prosjektleiarleiar i Kystskogbruket. - Kommune- og fylkesvegar som har låg vektklasse gjev enorme kostnadar, sa han og siterte ein fersk TØI-rapport om flaskehalsar på vestlandsvegane.

Rasmus Torheim frå Tine demonstrerte kor mykje mjølk det kan vere på tankbilar med ulike akseltrykk. Berre 25% av Tine sin transport er med bilar som kan fyllast heilt opp (sjå bilde under). På vegar i bruksklasse (BK) 6 kan dei fylle opp 15% av bilen, i BK 8 kan dei fylle opp 54% av bilen, BK8/40 69% og BK10 100%.

På bildet under kan du sjå kor mange tømmerstokkar som er lovleg last på bilen på ein veg med bruksklasse 8. Bilane må køyre mange gongar, og det gjev større utslepp av co2 og meir trafikk.

Alle politikarane som møtte var einige om at dette er eit problem som må gjerast noko med.

Frå venstre: Erling Sande 1. kandidat SP S. og Fj., Torbjørn Vereide 1. kandidat AP S. og Fj., møteleiar Anders Felde, Trude Brosvik, 2. kandidat KRF S. og Fj. og Hege Lothe, 1. kandidat SV S. og Fj.