Olav Myr frå fylkesstyret

Kjersti var vertskap saman med mannen Oddmund og svigerforeldra Olav Karstein og Birgit. Kjersti og mannen driv med mjølkeproduksjon og må ta eit val om å bygge ny fjøs eller ikkje. Dei tenkjer framover og har vilje til utvikling, men arbeidskvardag og økonomi må henge saman. Begge har jobb utanom garden, og trivst med å vere eit mellomstort familiebruk. Dersom dei vel å bygge nytt fjøs, må dei auke opp kvota. -  Vi er verkeleg i skvis om kva vi skal gjera vidare, sa Kjersti til politikarane.

Jo Helge Sunde (Tine) er leiar for storfeprosjektet i Vestland. Han orienterte om situasjonen for mjølkeprodusentane i fylket og kva som må til av investeringsstøtte dersom mellomstore gardar skal kunne vere med vidare når nye krav om lausdrift, utvida beitetid, mosjon og kalvebinge trer i kraft. 

Olav Myhr og Marianne Nordhus frå fylkesstyret var med på møtet, og Olav heldt ein appell om framtida til mjølkebøndene. Andre tema i møtet var veldferdsordningar i landbruket. Kjersti er opptatt av situasjonen for unge kvinner i landbruket og fekk klart fram at dette er noko som må takast tak i.

Med på møtet var Terje Kolbotn og Gaute Lund (Raudt), Hege Lægreid Røssland (Sv), Hans Inge Myrvold (Sp), Odd Harald Hovland og Linda Merkesdal (Ap) og Geir Angeltveit (V).