På Sagatun Skule i Balestrand har elevane på mellomsteget hatt eit spanande, tverrfagleg prosjekt denne våren, kalla "frå spire til glede". Prosjektet har pågått sidan påske og fram til skuleslutt, og Balestrand Bondelag og Bokashinorge har vore med som sponsorar. Prosjektet har tatt føre seg kompostering, såing, organisk avfall og dyrking.

Første dag i prosjektet var Lars Arne Målsnes frå Balestrand Bondelag inne og fortalte om drifta på garden og økologisk dyrking. Frå Bokashinorge har dei fått bokashibøtter, og dei har fått ei innføring i korleis dette skulle brukast. Deretter har elevane gått i gang med bygging av plantekassar, såing og stell av plantene med både vatning, prikling, samling av tang i fjæra, raking av lauv, henta meitemark til kassane og fylt i Bokashi-kompostbøttene. I tillegg til dette har dei og snekra fuglekasser og hengt opp. 

Sjølvlaga og ferdigmalte plantekassar klare for såing.

 

 

Elevane var i fjøra og sanka tang for å putte i plantekassane saman med jord, lauv og kompost. 

Alle var i sving med å få sådd i plantekassane. 

 

Vindaugskarmane i klasseromma har vore fulle med planter til forkultivering. 

 

Det spirar og gror i karmane. 

Før elevane gjekk på sommarferie kunne dei allereie hauste noko av godbitane frå plantekassane. Redikkar og salatar vart brukt som råvarer i kokkekamp for 6.klasse. No har elevane sommarferie, men dei har tilgang på plantekassane sine både for å vatne og å hauste frå dei i løpet av sommaren.