Det er tre år sidan samtalane mellom bøndene og biogasselskapet starta opp. Bøndene i området gjekk saman og danna ein interesseorganisasjon. Biogassanlegget var då på teiknebrettet, men no har det reist seg eit høgteknologisk anlegg på Eldøyane på Stord. her skal ein omdanne husdyrgjødsel til metan som skal nyttast til drivstoff, og CO2 til mellom anna kunstis til fiskeindustrien. Biogjødsla blir transportert tilbake til gardane som høgverdig gjødsel. Full drift i anlegget er forventa rundt årsskiftet 2021/22.

Lars Ove Rimmereid er leiar i interesseorganisasjonen Sunnhordland Bionæring. Dei har forhandla fram standardavtalar mellom bøndene og Renevo AS. Jarle Stangeland er den første bonden som teikna avtale.

Vestland Bondelag har følgt arbeidet med avtalar tett og ynskjer lykke til.