Veitastrond Bondelag sine medlemer held til i bygda Veitastrond.  Bygda ligg i Luster kommune og har Jostedalsbreen som næraste nabo.  I bygda er det eit aktivt landbruksmiljø med produksjon av kumjølk, geitmjølk og kjøtproduksjon.  Det har vore generasjonsskifte på mange av bruka, og det vert satsa på nye fjøs og ei framtid i landbruket.    Veitastrond er nok ei av bygdene i Vestland der våren kjem seinast, men no er han der og då er det flott at det lokale Bondelaget inviterte til ryddedugnad.  Bileta syner at både små og store var delaktige. 

 

Turisme og energiproduksjon er også ein del av næringsgrunnlaget på Veitastrond.  På Tungestølen har DNT ei nyleg oppattbygd tusristhytte.   Ynskjer du ei særmerkt og flott naturoppleving denne sommaren så ta deg gjerne ein tur til Veitastrond.  Du vil ikkje verte skuffa.  

Veitastrond sommaren 2020 

Beitedyr ved Nystølen/Tungestølen sommaren 2020

Frå Tungestølen er det 5 km lett gange til Austerdalsbreen.  Fantastisk flott natur, men utan den aktive landbruksdrifta, beitedyr og ei levande bygd vil ikkje opplevinga vere den same.