Med bakgrunn i mange ulike mediaoppslag som syner uakseptabel dyrevelferd,  set eg pris på at Liv Kari Eskeland vert med oss inn i grisefjøset og at vi saman kan ha ein god dialog kring korleis norsk svineproduksjon stort sett føregår og skal føregå seier Felde.   Besøket føregjekk i fjøsen til Sverre Sæterbø og Ingvild Eskeland på Fitjar i Sunnhordaland.  

Frå venstre Liv Kari Eskeland, Sverre Sæterbø og Ingvild Eskeland utanfor fjøsdøra til familien Sæterbø.

Vestland Bondelag har i e-post til politikarane sendt ein open invitasjon til å verte med inn i fjøset.  - Vi vil strekke oss svært langt for å legge til rette for at politikarar som ynskjer å sjå svineproduksjon med eigne auge skal få høve til dette, held Felde fram.

Dyrevelferda i norsk svineproduksjon er på det jamne mellom den beste i verda, og det skal den vere!  Dyrvelferda i norske fjøs skal vere på topp.   Sjukdom og skadar skjer også i fjøs, og då er det viktig at bonden umiddelbart set i verk tiltak i form av behandling, opphald i sjukebingar eller i verste fall avliving.  

For oss i næringa er det viktig med ein god dialog med politikarar kring dyrevelferd.  Det er ikkje aksjonistar som bryt seg inn i fjøsa som skal styre vilkåra for norsk matproduksjon.  Det skal skje i eit godt og ope samspel mellom politikarar som vedtek lovverket, offentlege tilsynsorgan og bonden som føl opp drifta i tråd med vedteke lover og føreskrifter.