Å dyrke mat til eige bruk vert meir og meir populært. Det er ikkje berre byfolk som er interessert i å leige ein jordflekk, også på bygda er det mange som ikkje har høve til å ha kjøkkenhage. I ein parsellhage kan ein leige jord og dyrke sin eigen mat. For mange er det fint at ein kjem seg ut og at ein kan dyrke saman med andre.

Solveig Lilletvedt driv med kjøtproduksjon og Inn på Tunet. Ho har også geiter, høns og smådyr. Ho har aldri vore redd for å prøve noko nytt som kan gi eit ekstra bein å stå på. I tillegg til dei faste brukarane av Inn på Tunet tilbodet, driv ho garden som ein besøksgard for mellom anna barnehage, skule og bursdagsbesøk.

No har ho begynt med parsellhage. Ho fekk midlar frå Bergen kommune som var øyremerka dyrkingsprosjekt. - Eg hadde nok ikkje starta med dette om eg ikkje hadde fått midlar, seier ho. Det er jo ein investering og eg visste ikkje om interessa var stor nok til at eg fekk folk til alle parsellane. Ho oppfordrar andre interesserte til å ta kontakt med sin kommune og spørje om dei kan setje av midlar til dyrkingsprosjekt.

For midlane frå kommunen kjøpte Solveig flyttbare gjerder mot hjorten og litt reiskap. Ho laga vedtekter for parsellhagen og lyste ut på facebook. Framnes gård har ei facebookside med 1000 følgjarar, så innlegget vart delt mange gonger. Ho bad folk kontakte ho på e-post og fekk nok interesserte til å leige ut alle dei 32 parsellane.

- Vi starta opp i påsken i fjor, seier Solveig. Då pløgde vi marka og delte opp parsellane i 5 x 10 meter. Dei som fekk tildelt parsellar fekk eit gratis innføringskurs med Bybonden. Eg oppfordra alle til å lese seg opp og planleggje kva dei skulle dyrke. Dei har også fått kjøpe småplanter frå Toppe gartneri som kunne forkultiverast heime.

I dag er det mange ulike grønsaker og litt bær på parsellane på Framnes Gård. Ein runde i parsellhagen viser at det er forskjell på ambisjonane til parselleigarane. Nokre har pent inndelte område med jorddekke og ein plan for vekstskifte, medan andre har latt ugraset ta litt overhand.

- Dyrkarane har fått gode råd på vegen, seier Solveig, ikkje minst i facebook gruppa vi har oppretta for parsellhagen. Av og til får dei tips frå meg om at no er det på tide å luke eller hauste. Dei kan også spørje kvarandre, og mange set pris på at det er så sosialt. Her er det både pensjonistar og småbarnsfamiliar, nybegynnarar og folk som har hatt hage før og kan mykje om dyrking.

Solveig har laga ein pedagogisk kompostbinge med glassvegg

I tillegg til parsellhagen har dyrkarane tilgang til eit skur med reiskap, og vatn frå eit takvantingsanlegg. Dei har ein stor parkeringsplass og boltreplass for ungar. Når det opnar opp etter pandemien, har Solveig planar om å la ungane vere med og sjå på dyra eit par ettermiddagar i veka. Parsellane ligg nær vegen, så dyrkarane treng ikkje gå gjennom tunet for å kome til parsellen.

Parselldyrkarane leiger parsellen for ein sesong, og må følgje vedtektene for hagen. Dersom dei ikkje vil leige vidare, må dei rydde parsellen så den er klar til nestemann.

- Eg har venteliste, seier Solveig. - Det vert spennande å sjå korleis det går framover. Det har vore ein god sommar så langt, og på dei fleste parsellane er det god vekst. Ein vert ikkje rik av å leige ut parsellar, men det er litt ekstra inntekt. I tillegg er det kjekt. Eg er heiltidsbonde og går her heile dagen, og det gjer det enkelt å halde eit auge med hagen. Det er rom for å utvide litt, men først må vi sjå korleis det går denne sesongen.

 

Takvatning til tørre dagar