For nokon kjem dette i seinaste laget, men eg håpar verkeleg det løyser seg for dei aller aller fleste, slik at vi kan få ein god sesong med mykje norske bær, frukt og grønsaker i marknaden.    Polen og Romania er frå i dag unnateke innreiserestriksjonar.  Lenkje til side med oppdatert informasjon kring dette tema.

NB!  Alle som reiser inn til Norge må framleis fylle ut skjema for innreiseregistrering.   Skjemaet må fyllast ut når det står att mindre enn 72 timer til ein kjem til Norge.  Kvittering på utfylt skjema takast med til grensekontrollen saman med annan naudsynt informasjon som arbeidskontrakt m.m.   

Lenkje til skjema som må fyllast ut - Ver nøyaktig og fyll ut alle felt.

 

Kva gjeld for reisande som er vaksinert? / Koronasertifikat

Fullvaksinerte og personer som har gjennomgått covid-19 dei siste 6 månedane har fritak frå innreisekarantene dersom dei kan dokumentere dette i norsk koronasertifikat.   Utanlandske personar med norsk fødselsnummer/D-nummer kan få etter-registrert vaksine tatt i utlandet, og dermed få norsk koronasertifikat.

Les meir om dette på FHIs nettsider

 

Norge vil kople seg på EU si løysing for koronasertifikat fra 24. juni.
Då vil også dei som kjem frå EU/EØS-land, og som kan dokumentere vaksine eller koronasjukdom siste 6 månader via EU sitt koronasertifikat, kunne komme inn i Norge og sleppe karantene, uavhengig av landet sin status.  EU har meldt at systemet vil vere implementert i alle medlemsland frå 1. juli. Det er dermed ikkje gjeve at alle EU-borgarar vil ha tilgang til eige koronasertifikat allereie i neste veke.

Det danske koronasertifikatet vil kunne nyttast for innreise til Norge fra 19. juni. Det svenske koronasertifikatet vil kome innan kort tid.