Leiar i Gulen og Masfjorden Bondelag, Normann Grimen, har hatt eit spesielt år. Han veks opp med minkfarm og har levd og ånda for minken i 37 år. No er det over, og det har vorte litt for stille på garden. Han har framleis sau, og våren er i rute sjølv om det er litt seint og litt tørt. Sauene beiter på innmarka, og han kjøper rundballar til vinteren. – Det er alltid noko å gjere på garden, seier Normann, men eg går litt rundt meg sjølv. Det er ein solid omsetning som forsvinn med minken, og eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere no.

Utsikt mot kongen

Anders K Mundal er travelt opptatt med reperasjonar i fjøset når vi ringer. - Her er det siste innspurt av våronna, seier han. - Dei fleste i området er i sluttfasen med å så attlegg, og eg skal snart begynne. Elles er det litt gravemaskinarbeid og sprøyting av ugras. Anders er leiar i Fjærland Bondelag, og driv med mjølk og storfe. Under kan du sjå litt av stoda i Fjærland no.

Øyvind Sandvik er leiar i Omvikdalen Bondelag. Han er elektroingeniør, og er i full jobb ved sidan av garden. Det er Tore Eikeland som har hovudansvaret for samdrifta Sandvik mjølk og kjøt, og no er dei ferdig med vårarbeidet. Dei første dyra har kome på beite, og det er klart for slått om ikkje så lenge. Øyvind driv med «svært småskala sau», som han seier. Dei har fire vinterfôra sau, og i år har dei planar om å prøve No fence. Sauene skal på beite i fjellet rett ved garden. – Vi skal prøve det ut og sjå korleis det fungerer, seier Øyvind. - Det er fint om vi kan få utnytta beiteressursane.  

Omvikdalen Bondelag hadde nyleg ein dugnad der godt over tjue bønder og grunneigarar i samla inn plast som hadde hamna på avvege. – Det var godt å få gjort noko saman utandørs, seier Øyvind. Dugnaden vart godt mottatt og dei fekk fylt mange bossekkar med plast.

Øyvind og Johannes Hjelmeland med gode hjelparar på dugnad