Med sauelamming og ein vår som brått vart til varm sommar er det svært travle dagar for fylkesleiaren.  Dei lange arbeidsdagane og tankane kring forhandlingane tek på.  Ho håpar verkeleg at Staten har mykje meir å by på i kroner no når forhandlingane går inn mot sluttfasen.    For oss i Vestland er det heilt avgjerande at det mellom anna vert nytta friske pengar til å styrke økonomien i dei grasbaserte produksjonane betydeleg utover det som ligg i tilbodet, held Agjeld fram.   

Kravet har ein god retning som må innfriast på ein mykje betre måte.  Både når det gjeld mjølk, småfe, ammeku, velferdsordningar og endringar for fellespakkeria innan grøntnæringa. 

Dei komande døgna vil vere avgjerande for mange matprodusentar si framtidstru.   Det er NO det må leverast frå Staten si side.  Det nærmar seg "eksamen".