Uskedalen Bondelag arrangerte ryddedugnad 6.mai, og om lag 20 personar deltok på aksjonen. Totalt fekk dei plukka og levert inn 260 kg med plast og anna boss frå Uskedalselva og kringliggande område. Dei hadde til og med ein dykkar, Knut Olav Myklebust, i full aksjon med å plukke plast frå elvebotnen. 

Dugnadsgjengen har fått ros for innsatsen sin, les og sjå bilete frå ryddeaksjonen i nettsaka til Uskedal Utvikling